KOMMENTAR laurdag 22. november 2014:

Ser du meg ikkje?

Nei, vi gjer ikkje det. Fordi vi helst vil sjå ein annan veg.

mishandla born: Frå og med i dag set Sunnmørsposten i ein artikkelserie søkjelyset på familievald på Sunnmøre. Illustrasjonsfoto: Microstock/Scanpix

Vi torer korkje å sjå eller seie frå, fordi vi kanskje kan ta feil

pluss

KOMMENTAR

Berre ein liten gutunge var han. Men han stod no der likevel, heilt aleine midt i den travlaste handlegata i København. Med hendene ned langs sida og tomt blikk.

Heilt stilt stod han der, medan vaksne folk forsvann forbi. Alle som ein hasta vi vidare. Eg gjekk gata til endes, snudde og gjekk tilbake. Framleis stod han på same plassen, med opa jakke i bitande novembervind, uflidd og bleik.

Avslørt

Noko var gale, det var openberrt. Eg kika meg rundt, såg etter folk han kunne vere i lag med, men såg ingen, snudde meg vekk og gjekk vidare - før eg blei stoppa av ei høfleg ung dame som presenterte seg som journalist i avisa Berlingske.

LES OGSÅ: Vi må våge å sjå

Ho sa at det var avisa som hadde plassert guten i gata for å undersøkje korleis folk ville reagere. Ho sa at dei hadde registrert at eg la merke til guten, og lurte på om eg ville la meg intervjue om kvifor eg likevel hadde gått vidare, utan å ta kontakt med guten.

Eg takka nei til intervju, skulda absurd nok på at eg var frå Norge og kraup meg derifrå. Så djupt er det råd å nå.

Falsk frykt

Slik er vi nok samanskrudd, fleire av oss.

Går vi helst forbi, fordi det krev så mykje av oss å stoppe opp? Vi torer korkje å sjå eller seie frå, fordi vi kanskje kan ta feil. Kor pinleg vil det ikkje vere å melde frå om omsorgssvikt om det viser seg at mistanken er falsk? Men er tagnaden til å leve med den dagen mistanken blir stadfesta?

Ja, det skjer

Sunnmørsposten startar i dag ein artikkelserie om barnemishandling. Det skal handle om grov omsorgssvikt, vald, overgrep, fysisk og psykisk mishandling av svartaste slaget.

Vi har lest dommar, snakka med aktørar for hjelpeapparatet i alle ledd og vil prøve å forklare kva dette handlar om. Og kva som kan gjerast. Av kvar og ein av oss. For det skjer. Det skjer også her på Sunnmøre. Kvar einaste dag. Det kan vere i nabohuset ditt. Utan at du veit det. Eller du veit det, men vel å spele uvitande.

I laurdagsseksjonen i avisa, kan du i dag lese om Statens Barnehus i Ålesund der dei i år har hatt born inne til avhøyr oftare enn tre gonger i veka.

Borna har fortalt om overgrep og mishandling så rystande at det knapt er til å bere for dei som jobbar der. Og bak desse konkrete sakene skjuler det seg også store mørketal.

Fleire melder

Rett nok har det siste tiåret auka kraftig på med meldingar om slike saker. Mellom anna den massive omtalen av åtteåringen Christoffer Gjerstad Kihle som blei slått i hel av stefaren kan ha medverka til at fleire har fått opp augene for det dei før har oversett.

Dei komande dagane fortel vi om nye rutiner for å avdekke vald mot barn.

Det blir intervju med barnevernsleiaren som i ein generasjon har jobba med born som er svikta - og som er optimist for utviklinga han no ser.

Seinare i veka ser vi på politiet sitt arbeid, det store gapet mellom saker som blir etterforska og fellande dommar og kva som kan gjerast med dette.

Vi vil også publisere stoff spesielt retta mot borna sjølv - der dei får vite kva dei kan få hjelp til og kvar dei kan få hjelp, om dei blir slått.

Slik håper vi å bidra til meir kunnskap - og mindre liding.

Livslangt

For det stoppar ikkje med smerta og frykta desse borna vert utsett for så lenge dei er i heimane sine. Dette handlar om øydelagde liv. Vi som les dommar og følgjer rettssaker i lokal tingrett og lagmannsrett ser ofte korleis valdsofferet i barndomsheimen sjølv endar opp som gjerningsmann med nye offer.

Og knust framtid.

Om du ser ein annan veg.