Må lene seg på nabobygdene

Fosnavåg trekk ikkje nok turistar åleine. Det gir moglegheiter for bygder som Hakallestranda.

NETTVERK: Hotelldirektør Gunther Dahle i nyopna Thon Hotell Fosnavåg har aktivt brukt aktivitetar i nærliggjande bygder for å lokke turistar i sommarsesongen. Foto: Anne-Mari Tomasgard

SLIK SATSAST DET FRÅ FYLKET
  • Våren 2012 utlyste Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge midlar til ei satsing dei kalla «Marknadsstyrt opplevingsproduksjon».
  • Tre prosjekt fekk til saman fire millionar kroner: «Smøla naturopplevelser», «The Happy End» i Norddal og det som no heiter «Hjørundfjord Adventures», med hovudbase på Bjørke i Ørsta.
  • Pengane skal brukast til utvikling av produktpakkar, som er eit sett av opplevingar og aktivitetar ein skal tilby turistar innanfor eit geografisk avgrensa område. Prosjektet går over tre år.
pluss

Nyopna Thon Hotell Fosnavåg har laga pakkeløysingar saman med andre bedrifter, der gjestane kan oppleve aktivitetar i nabobygdene.

– For oss har slike samarbeid vore alfa og omega. Sommargjestane våre vil ha det som er ekte. Ikkje noko er meir ekte for turistar enn båtturar til Runde, Herøy kystgard eller Hakallegarden, seier direktør Gunther Dahler.

Les mer: Bygdelokomotivet

Skaper nettverk

Fylkeskommunen trur reiselivet er ei næring som kan skape vekst framover.

– Reiselivet er ei næring som gir opplevingar både for dei som bur i lokalsamfunnet og dei som kjem tilreisande. Fjordane er det mest kjende reisemålet i Norge. Det spesielle med våre fjordområde i internasjonal samanheng er at det bur folk her, det er levande lokalsamfunn, seier Bergljot Landstad, regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Ein megatrend i reiselivet er at turistane ikkje lenger er nøgde med å sjå, dei vil vere aktive og oppleve. Møre og Romsdal var ikkje tidlegare kjent for å vere ein stad med mange aktivitetar å by på, noko som var eit viktig bakteppe då vi etablerte Reiselivsprogrammet.

I samarbeid med reiselivsnæringa frå 2006 til 2010 jobba fylket gjennom satsinga blant anna for å forlenge turistsesongen med direkte flyruter. Ein blei einig om visjonen «Aktivitets- og opplevingsfylke nr. 1». I ettertid viste ei evaluering at fylket er blitt meir kjent for aktivitetar.

Suksess

Fosnavåg ligg nærare ein og ein halv time frå Hakallestranda. For det nyopna hotellet har pakketilboda vore god butikk i sommar.

– Det er første gong vi har opent i juli, men det har gått godt over det vi hadde sett føre oss. Vi har vist at det er grunnlag for turisme yttarst i havgapet, sjølv no når det er vått, seier Dahler.

Bygdeutvikling

Tidlegare har konkrete utviklingsprosjekt og kompetanseheving i kommunane vore støtta gjennom prosjekt som Bolyst og Lokalsamfunnsutvikling i kommunane. Fylket har særleg satsa på integrering av tilflyttarar, slik som til dømes arbeidsinnvandrarar.

Slike satsingar har hatt eit breiare fokus på kva som skal til for å skape levande lokalsamfunn og få fleire til å både bu og jobbe i bygdene.

– Erfaringa vår er at dette er så viktig for utvikling av lokalsamfunna at vi har vidareført satsinga i fylket etter at det statlege programmet blei avslutta, fortel Landstad.