Det vart andre bollar med hollandsk bakar

– Kva seier de om å flytte til Norge, spurte Vincent og Esther dei to borna sine. – Jaaaaa! Kan vi dra med ein gong, svarte dei to.

BAKERI: Esther og Vincent Ekkelenkamp ville finne seg eit bakeri som dei kunne drive i Norge, og fann det på Stranda.

– Nederland er på størrelse med Sunnmøre, men har over 16 millionar innbyggarar

VINCENT OG ESTHER EKKELENKAMP
BYGDEFOLK
  • I ein serie ser Sunnmørsposten nærare på utfordringane bygdene har framover.
  • Laurdag var vi på Hakallestranda. Måndag besøkte vi Skuløy/Flemsøy. 
I går var vi på Flø. I dag er vi på Stranda.
  • Rundt 20 norske småkommunar har hatt ei innvandring frå Nederland som svarar til minst ein prosent av folketalet. Placement AS har vore ein viktig medhjelpar.

KAKE: Vincent bakar ikkje berre brød og bollar. Dette er ei bryllaupskake som han nyleg leverte.

KRINGLE: Ein kunstnarven av ekteparet Vincent og Esther Ekkelenkamp har laga kringleskulpturen som heng utanfor bakeriet på Stranda. Bakarparet kom frå Nederland til Norge i januar 2013. FOTO: TERJE ENGÅS

pluss

Dei gjorde dermed som fleire tusen andre nederlendarar har gjort dei siste ti åra.

Svært mange av dei har slått seg ned på bygda. For det var dette dei var på jakt etter: meir plass og mindre stress.

– Vi hadde vore i Norge fleire gonger på ferie, så vi visste litt om korleis det var her. Rett nok hadde vi ikkje vore på Stranda, men vi hadde besøkt Geiranger, fortel Vincent Ekkelenkamp.

I januar 2013 kom familien flyttande til Stranda frå byen Zwolle, som ligg ein og ein halv time frå Amsterdam.

Trongt

– Nederland er på størrelse med Sunnmøre, men har over 16 millionar innbyggarar. Så det er mykje folk og lite plass, fortel Vincent (44) og kona Esther (41).

Vi sit i kafeteriadelen av bakeriet på Stranda. Esther må heile tida springe til og frå disken, for det kjem stadig kundar innom som skal kjøpe brød og andre bakarvarer.

Gjennom firmaet Placement AS fekk dei vite at det stod ledig eit bakeri på Stranda. Det passa bra for Vincent, som er utdanna bakar

– Vi var på jakt etter eit bakeri. For eg meiner det er best å drive med det ein kan, og ikkje starte opp med noko heilt nytt som ein kanskje ikkje meistrar heilt, seier Vincent.

Då familien for to år sidan selde huset i Zwolle og flytta nordover, var det ei endeleg avgjer.

– Samtidig så sa vi at dersom borna ikkje liker seg her, så dreg vi heim att, legg Vincent til.

Nye vener

Men dei treng ikkje å finne fram igjen flyttekassene. Sonen Joey på 13 er innom bakeriet, og slår fast at han vil bu i Norge. Han vil ikkje tilbake til Nederland – ikkje anna enn på ferie.

– Eg har fått meg mange nye vener her og har ikkje hatt problem med å lære norsk, seier Joey.

På fritida fiskar han mykje i nærområdet, medan søstera Amber på ti spelar fotball og driv med riding.

– I dag leiger vi både bakeriet og huset vi bur i. Men vi snakkar om å kjøpe begge deler når økonomien blir betre, fortel Esther.

Og ifølge paret går det stadig betre no, etter ein tøff start.

Nattarbeid

Dei står på begge i den vesle bedrifta, i tillegg til at dei leiger inn hjelp. For å få ferske bakarvarer om morgonen, må Vincent arbeide store delar av natta.

– Kva saknar de frå Nederland?

– Ikkje noko. Vi har det bra her, går turar på fjellet, fiskar og går på ski. Og det er ikkje lange vegen til familien i Nederland. Det går jo direktefly frå Vigra til Amsterdam.

– Kva med vêret?

– Det er ganske likt. Men det er ikkje snø i Nederland – og så er det nok litt betre vêr der om sommaren.

– Kva med matvanane?

– I byrjinga hadde vi berre norske produkt i butikken. Men mange spurte etter nederlandske produkt også. Så no har vi begge deler. Mellom anna byr vi på nederlandske bollar, som er utan sukker. Og så har vi nederlandske kaker og brød. Også dei nederlandske brøda er utan sukker, fortel Esther.

Paret har kontakt med andre nederlandske familiar på Sunnmøre.

– Mellom anna hender det at vi dreg til Harry Klein Hulse på Ørskogfjellet og et søndagsmiddag på kafeen hans. Då har vi med oss brød til han.

Lett

Overgangen til sunnmørsk bygdeliv har vore lett, meiner dei to. Familien flytta frå ein by med om lag 120.000 innbyggarar, til ein kommune med berre rundt 4.500 innbyggarar.

– Vi finn som oftast det vi treng her, og då handlar vi her. For eg tenkjer at om eg handlar i butikkar på Stranda, så handlar forhåpentlegvis også dei hos oss, seier Vincent.