Flø går mot straumen i Bygde-Norge

Galleristen Hugo Opdal forelska seg i ein «blindveg i Ulstein kommune» og blei verande i den vesle bygda.

Gallerist Hugo Opdal har lokka fleire av dei mest kjente og kontroversielle samtidskunstnarane i verda til å stille ut på det vesle galleriet hans i den gamle skulen på Flø.Foto: June R. Johansen

– Vi sit ikkje alle i fjøra og grillar pølse kvar dag

Toppnamn For tida stiller Hugo Opdal ut verk laga for Flø av Norges kanskje mest internasjonalt kjente samtidskunstnar, Bjarne Melgaard.Foto: June R. Johansen

pluss

Flø er på alle måtar spesiell i norsk samanheng. Dei har festival og kunstens verdsstjerner, men også byfolk på bygda.

Av dei bygdene som får ta i mot dei vidgjetne «tilflyttarane» er det få som klarer å halde på dei. Men på Flø blir dei verande.

– Du klarer ikkje å seie nei til Flø. Sjå på naturen vi har her, seier galleristen Hugo Opdal før han peiker ut vindauget.

Han har vore her i over femten år. På den tida har han lokka fleire av dei største og mest kontroversielle samtidskunstnarane.

Men blir han verande i bygda?

– Eg er veldig impulsiv. Det tok ein dag frå mitt første møte med Flø til vi reserverte tomt. Eg kan derfor aldri seie sikkert kva eg gjer i framtida, men eg stortrivst her på Flø, seier han.

Få blir i bygda

Flø opplevde på 2000-talet stor tilvekst av relativt urbane nye innflyttarar.

Mange jobba i skapande yrker, som kunstnarar, journalistar eller arkitektar. Bygdesosiolog Bjørn Egil Flø fortel at få bygder klarer å halde på slike byfolk.

– Dei aller fleste flyttar tilbake i byen. Mange bur så lenge at dei ikkje lenger har bu- og driveplikt på småbruket sitt, og gjer det om til feriebustad, seier Flø.

Slike tilflyttarar som søkjer seg frå byane til det rurale blir kalla kontraurbane. Mange europeiske land har hatt ein sterk kontraurban straum, der folk flyttar til bygdene. I Storbritannia flyttar folk ut til dei små marknadsbyane, og der blir dei.

– Ifølge SSB har vi ikkje hatt ei slik kontraurban utvikling i Norge, seier Flø.

Integrering

For tilflyttarane Andre Klevberg og Åse Stenvåg har det vore viktig å verte ein del av den bygda ein flyttar til.

– Ein må stille opp på dugnad og jobbe for å bli ein del av lokalsamfunnet. Som tilflyttar må du godta den bygda du kjem til. Ein kan ikkje klage på at bonden driv jorda, med gjødsling og traktorkøyring, seier Klevberg.

For Lillian Flø var dei nye som kom til bygda viktig for at også ho kom tilbake til heimbygda.

– Alle som budde på Flø var klar over at vi trengde fornying. Det var veldig få barn i bygda. Då eg bestemte meg for å flytte tilbake var det viktig at det skjedde noko heime, seier Flø.

Hyttekultur

Ein årsak til at bygdene slit med å halde på tilflyttarar kan vere norsk hyttekultur.

– Vi har så god tilgang til det rurale gjennom hytter at ein ikkje må flytte til bygda for å oppleve fridomen. Det kan vere ein hemsko, seier Bjørn Egil Flø.

Ifølge han har kvar av oss tilgang til 2,3 hytter. Nokre er gjennom jobb, andre er private.

Barnerikdom

På Flø har bygda gått mot straumen. Her er det både nybygg og gamle restaurerte hus fulle av barnefamiliar.

– Eg trur det må vere fleire barn i bygda no enn det har vore på 25 år, seier Hugo Opdal.

Då han flytta til bygda hadde bygdefolket dugnad for å legge golv i huset hans, medan han framleis budde og jobba i Oslo. For Lillian Flø skjedde det noko ekstra med samhaldet i bygda på «Go with the Flø»-festivalen.

– Alle bidrog med eitt eller anna og folk møttest. Det var heilt spesielt, fortel Lillian Flø.

Flø er likevel ei vanleg bygd.

– Vi sit ikkje alle i fjøra og grillar pølse kvar dag, seier Opdal.

Må selje

Hugo Opdal ser på seg sjølv som ein «kunstmisjonær». Han vil bringe store kunstnarar ut til vanlege folk.

– Eg lever av å selje kunsten. Bjarne Melgaard er rekna som største kunstnaren sidan Edvard Munch, og han har mala verka spesielt for Flø, seier han.

For over 400.000 kroner kan ein sikre seg det dyraste verket.

– Det er ikkje berre rikfolk som kjøper slike måleri. Vi hadde eit heilt vanleg eldre par som brukte sparepengar på å kjøpe eit måleri, og no går det på rundgang i familien, seier han.