– Det er vêravhengig, men i utgangspunktet ventar vi at dette blir større enn i fjor. Vi har 13.000 påmelde på gjestelista no, og det blir alltid fleire, så vi ventar totalt 20.000 i løpet av dagen, seier Momentium-gründer og medarrangør Ante Giskeødegård.

Har rigga til to arrangement

Ifølgje arrangørane har førebuingane til laurdagens Sommerfest vore litt meir utfordrande enn til vanleg.

Mykje av det som tidlegare år har vore i telt blir i år å finne under tak – i containerar eller i hovudbygget mellom scenene. Sponsorar har eigne containerar og uteområde med aktivitetar for både born og vaksne. Dei tre scenene vil i år kunne spele uavhengig av kvarandre.

– Tanken er at dersom det blir forseinkingar ein stad vil ikkje det bety noko for dei som speler på andre scener, fortel Lars Berg Giskeødegård.

Det skjer-kalenderen: Få med deg alt som skjer på Nordvestlandet

– Logistikken skal gå fint

Trass høge forventingar til oppmøte trur ikkje arrangørane logistikken skal bli vanskeleg.

– Området har kapasitet til det, men folk må sørge for å ha god tid og kle seg etter vêret, seier Ante Giskeødegård. Den viktigaste oppmaninga er å vere tidleg ute.

Populære: Marcus & Martinus er blant dei største namna som opptrer i år. Dei går på scena kl 14:00.

– Marcus og Martinus går på scena klokka to, til dømes, så ikkje vent med å setje deg i bilen til klokka halv to.

Det vil gå ekspressbussar gjennom dagen frå Moa og bysentrum, og presseansvarleg Terje Erstad ber folk følgje med på Facebook for oppdateringar om det praktiske.

Paraplyforbod

I dagene før festivalen har det vært spådd litt ustabilt vær, med temperatur på 12 grader og regnbyer.

– Blir det regn i år får ein kle på seg, så blir det kjekt likevel. Vi er trass alt på Sunnmøre, oppmanar medarrangør Lars Berg Giskeødegård.

Paraplyar blir ikkje lov å ta med inn – litt av tryggleiksomsyn, men også fordi paraplyar sjeldan fungerer særleg godt i det forblåste havgapet som er Giske.

For enkelte er det ikke bare musikken som er i fokus på festivaler: Slik er årets festivalmote