Forfattarane Njord Svendsen og Øyvind Vågnes er ein snartur innom fødebygda for å lese frå barnebøkene sine.

Hausten 1992 stuva dei Granadaen til Njord sin far full med flyttelasset.

Njord vart rådd å liggje langt unna sentrum. Heile Bergen er einvegskøyrd, vart det åtvara.

Det gjekk som det måtte. Mot køyreretninga. Men dei rakk Fantoft med eit naudskrik og fekk utlevert nøkkelen til sine nye hybelliv. Sia har dei halde seg i hansastaden, desse to.

Svendsen var lengje feature- og portrettjournalist i Bergens Tidende, kor han vart kjend for si elegante språkføring.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Debut

I dag arbeider han som informasjonsrådgjevar.

Boka om Bomulv – ulven som ikkje kan ule og i staden vert kompis med ein sau – er debuten hans.

Øyvind Vågnes har på si side eit langt skjønnlitterært synderegister, doktorgrad og prisar i fleng.

Det rare er at familiefedrane emna på kvar si barnebok samstundes. Dei har endåtil funne fram til same illustratøren – Akin Duzakin. Utan å vite om kvarandre innleiingsvis.

– Mange barnebøker ser ut til å kople seg opp mot inntrykka frå skjermflatene. Dei små lesarane vert bombardert av sanseinntrykk, meiner Øyvind.

– Akin held mykje meir tilbake, legg han til.

Svendsen Soga om ulven som ikkje får til å ule er Njord Svendsen sin debut som barnebokforfattar. Den er gjeve ut på Samlaget.

Gamalt ektepar

Det visuelle er konkret, men og dust drøymande.

I studietida vart forfattarane samanlikna med eit gamalt ektepar. Svært samkøyrde, med andre ord.

– Å skrive fiksjon ligg nok meir naturleg for Øyvind. Eg kjem frå ein annan kant, kor eg forsøksvis rapporterte frå røynda, seier Svendsen.

Mot

Historiene om Bomulv og den vesle haien til Øyvind Vågnes handlar mykje om mot. Kjenne på at du er annleis og bør finne din plass kor det får vere greitt. Søkje ny fellesskap.

– Det er tilfeldig at bøkene kjem ut same året. Men fleire forlag har faktisk oppmoda Njord om å skrive eitkvart. Han har eigen stil og eiga stemme. Ein stilist, seier Vågnes.

Kåra for slike har som kjend vore betre i dagspressa. Dette kjem det gamle «ekteparet» inn på rett som det er.

– Før handla det om å skrive. No snakkar avisene sine pengeteljarar i staden berre om å «produsere innhald», sukkar Svendsen.

Vågnes Forfattaren vart til slutt nøydd å skrive ned eventyret han dikta til sonen. I dag deler Amund æra i lag med forlaget Skald.

«Outsider»

Vi klarer ikkje kome til nokon konklusjon om kor vidt oppveksten i Brattvåg har vore vital for å kunne kjenne seg som ein ekte «outsider».

Njord er likevel freista til å svare ja til det mildt provoserande flåseriet vårt.

– Både Øyvind og eg drøymer truleg om å skrive den store romanen frå staden vi kjem frå!

Karane smiler godt. Dei muntre, men melankolske nostalgikarane kallar seg brattvågarar framleis – etter alle år i Bergen.

– Det er ein slags framandgjort kjærleik. Plassen du er frå vil jo endre seg. I litteraturen er dette eit svært tema: Når du kjem tilbake, er båe forandra for alltid, skyt dr. Vågnes inn.

Alltid velkomen på biblioteket

Men trass alt finst det nokre heimlege konstantar å navigere etter. Biblioteket, til dømes.

Både Njord og Øyvind trekkjer fram bibliotekaren David Beadle som ein overmåte viktig vaksenfigur, med herleg fjasete humor og stor innsikt.

– Vi kjende oss alltid velkomen. Ein heilt uvurderleg litteraturformidlar. For det er på biblioteket litteraturen lever.

Dette vert svært tydeleg kvar gong du går i ein bokhandel. Der går det i trendar og forbruksdato.

På biblioteket i Brattvågen opna det seg derimot ei heil verd for oss. Eit mangfald bygt på kvalitet, helsar dei to.

I ettermiddag er det råd å finne ut kva Svendsen og Vågnes snakkar om, i barneavdelinga på Brattvåg bibliotek.

Ule. Glefse. Drikke blå saft og kan hende lage seg sin eigen hai eller bomulv. Ha det artig i lag med mange gode bøker og to kjekke karar.