– Mange stader er desse husa det einaste forsamlingshuset i bygda. Eit aktivt bygdesamfunn er avgjerande for å hindre fråflytting og auke tilflyttinga, og difor er siktemålet med prosjektet å skape større aktivitet i desse kulturhusa.

Det seier Siri Skjerve som er tilsett som leiar for prosjektet «Huset i bygda» i Møre og Romsdal.

Stillinga er på 20-prosent over tre år.

Sist laurdag deltok ho på årsmøtet til Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag der ho orienterte om prosjektet.

– I første omgang blir jobben å ringe rundt for å kartlegge alle dei organisasjonsleigde forsamlingshusa som finst i bygd og by. Alt skal samlast i ein database, slik at kven som helst kan skaffe seg informasjon om dei ulike husa som finst. Dette kan til dømes vere til god hjelp for dei som driv med utleiga av forsamlingshusa sine, seier Skjerve som understrekar at kommunale kulturbygg ikkje er ein del av dette prosjektet.

Lære av kvarandre

I neste omgang skal ho arrangere husmøte/kulturhuskonferanser der eigarar av desse bygga samlast for å dele erfaringar om korleis ein til dømes kan gjere drifta meir aktuell og korleis ta vare på sjølve bygningen.

– Målet med det heile er å skape aktivitet i husa, og ikkje minst å lyfte fram kor viktig det er for trivselen i bygdene at det er aktivitet i forsamlingshusa, seier Siri Skjerven som sjølv nyleg flytta til Todalen.

– For meg var det avgjerande at dette er ei bygd der folk er engasjerer seg og skaper aktivitet og samhald, seier 37-åringen.

Treng hjelp

Det var Noregs Ungdomslag sitt fylkeslag i Sogn og Fjordane som tok initiativet til «Huset i bygda» i 2010.

Seinare kom Hordaland med, og no har det spreidd seg til Møre og Romsdal der fylkeskommunen har gått inn med 150.000 kroner årleg i eit treårig prosjekt.

Resten av budsjettet på 300.000 kroner kjem frå Noregs Ungdomslag og fylkeslaga og andre tilskot.

– Eg satsar på mange gode hjelparar rundt omkring, for i ei 20-prosent stilling får eg ikkje reist så mykje som eg vil. Men eg skal gjere det eg kan for å skape blest om kor viktige forsamlingshusa er for bygdesamfunna i fylket, lovar Siri Skjerve.