– Tabu ligg som inspirasjon til heile programmet. Alle som skal halde talar og foredrag veit at det er dette som er tema, seier Monika Haanes Waagan, som lanserte programmet i Aasen-tunet onsdag.

Festspeldiktar Lars Mæle deltok på lanseringa. Han blir sentral i fleire programpostar når dei 26. festspela i rekkja blir arrangert 29. juni til 2. juli.

Tabu som pirrar og provoserer

På plakaten står mellom andre også Daniel Kvammen, Linda Eide, Maria Parr og Stein Torleif Bjella.

I løpet av fire varierte festivaldagar vil det bli eit større konserttilbod enn tidlegare og fleire program for barn og unge.

– Vi vil nytte festspeltemaet til å undersøke korleis kulturelle og språklege tabu både held oss tilbake, pirrar og provoserer oss, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet i ei pressemelding.

Nynorske intimkonsertar og utekonsertar

Arrangøren varslar at årets festspelprogram vil gi publikum mange store opplevingar, både gjennom litteratur, musikk, teater, kunst, foredrag og samtalar.

Stein Torleif Bjella opnar utekonsertane torsdag og Daniel Kvammen følgjer opp laurdag, og under Aasen-stemnet sørgjer Daniel Herskedal for tabu med tuba.

I Salen blir det nynorske intimkonsertar med musikken til både Patti Smith og Bob Dylan og ein litterær konsert med festspeldiktar Lars Mæhle og Øystein Sandbukt basert på den nyaste novellesamlinga Jag är Supermann.

Microbandet er hyra inn for å røske liv i Målbar-publikummet seint laurdags kvelden.

Språkmoro med Eide og Hjeltnes

Litteraturen står i sentrum, og det blir både forfattarmøte med opplesingar og samtalar knytt til festspeltemaet tabu. Nokre av forfattarane er Maria Parr, Marit Kaldhol, Anders Totland, Jørgen Norheim, Aina Basso og Jan H. Landro.

Årets minneforedrag er ved Jan Olav Fretland frå Høgskulen på Vestlandet.

Språkforskar Gaston Dorren er invitert frå Nederland til å sjå på den norske språksituasjonen med eit skarpt blikk utanfrå.

På den siste festspeldagen blir det språkmoro med Linda Eide og Sjur Hjeltnes, som har hatt stor suksess med NRK-serien «Eides språksjov».

– Vi gler oss til fire rikhaldige dagar med ny kunnskap, store opplevingar og lun stemning, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan.