Det er Samlaget som melder at allereie før boka har kome ut her heime, så er den seld til Belgia, Frankrike, Italia, Russland, Danmark, Estland, Sverige og Tyskland.

«Keeperen og havet», som er ein frittståande oppfølgjar av Parr si debutbok «Vaffelhjarte», blir lansert 16. august.

Men før den datoen skal forfattaren lese frå den nye boka si.

Det skjer under Dei nynorsk festspela der ho laurdag skal delta i eit arrangement ved Ørsta folkebibliotek.

Bøkene er det i tillegg blitt teater og TV-serie av.