Ikkje alle rakk å skaffe seg billett i tide, til den stadig meir populære festivalen på Eid. Malakoff var for første gong utselt på førehand, denne sommaren.

Arnt-Ivar Naustdal, Malakoff-generalen, synest ikkje at fleire billettar neste år er vegen å gå.

– Vi er meir enn store nok, seier Naustdal.

Han trur at det å vekse ytterlegare, kan gå utover kvaliteten.

– Vi skal heller vidareutvikle festivalen til å bli enda meir spennande for publikum.

MALAKOFF

  • Har 15-årsjubileum i år

  • Namnet kjem av at festivalen held til på det som tidlegare var ein millitærleir med kallenamnet  «Malakoff»

  • Dei 24.000 billettane blei i år utselt på førehand, for første gong

  • Sysselsette over 1100 frivillege

Marcus (18) stortreivst i folkehavet

Naustdal såg klippet på smp.no, der artisten Janove skryt av publikum.

– Eg trur Janove har rett i at publikum her er fantastisk. Dermed verdsett artistane festivalen. Det blir gjensidig, påpeikar Naustdal.

Og det er ikkje sjefen sølv som skryt:

– Dette er noko av det beste eg har opplevd, seier festivaldeltakar Marcus Vangberg (18).

At det var mykje folk stimla saman på festivalen, var berre med å heve stemninga, meiner han.

– Då Karpe Diem klina til før midnatt laurdag kveld, gjekk folk av skaftet, fortel Vangberg.

Med kjærleik i lufta

Naustdal kjem godord, til alle som bidrog til å levere varene under Malakoff 2017. Han merka at samspelet mellom publikum, artistar og frivillige gnistra av energi.

– Det var kjærleik i lufta, seier han.

Sjefen fekk ønsket sitt om å bade oppfylt, medan sydentilstandar prega Eid. Og han var ikkje åleine.

– Folk kasta seg i sjøen og elva, snarare enn å nytte dusjane på området, fortel han.

Malakoff er for alle, med separate område med og utan alkohol.

– Folk kjem hit for å ha det kjekt, ikkje for å lage bråk. Det er karakteristisk for Malakoff, seier Naustdal.

«Då Karpe Diem klina til, gjekk folk av skaftet»

– Marcus Vangberg, festivaldeltakar

Drøymar om store rockeband

Så, kva for artistar står øvst på ønskelista til festivalsjefen neste år? Festivalleiinga har ei lang liste med artistar dei førebels ikkje har klart å hanke inn. Etter å ha tenkt seg litt om, tar Naustdal sjansen på å røpe nokre namn:

– Foo Fighters og Queens of The Stone Age hadde vore legendarisk.

Han peikar på at ikkje er særleg sannsynleg å få signert dei, men at store ting har skjedd før.

Blant festivalgjestar som naut Åge-konserten, var partileiar for Venstre, Trine Skei Grande Foto: Olav Standal Tangen