På Øye pleidde dei å frakte turistar gjennom Norangsdalen med hest og kjerre, seinare vart det erstatta med flott bil.

– Den siste bilen hotellet hadde forsvann tidleg på 70-talet, den vart til slutt selt som russebil, fortel hotelldirektør Mariann Øye-Mork.

Draum om bil

På hotellet har dei lenge hatt ein draum om å få tilbake ein veteranbil.

– Så fann vi ein som er kjempeflott. Sidan hotellet har hatt ei fantastisk utvikling dei siste åra, kjøpte vi den, seier Mariann.

Nitti prosent av gjestane er norske, men det blir meir og meir internasjonale.

– Vi ser at gjestane kjem for fjella, fjordane, og heile opplevinga. Bilen er eit tilskot som kan utvide totalopplevinga.

Det var ei høgtideleg avduking av veteranbilen, La Salle frå 1930, under dagane “Sommarløye på Øye” i helga.

– Vi ville først og fremst vise fram bilen til bygda vår, fortel Mariann Øye-Mork.