Kong Arthurspelet er ei framsyning som føregår på Sandsøya i Sande kommune.

Ifylgje legendene på Sandsøya, som i gamal tid blei kalla Dollsøy, var den britiske Kong Arthur på øya for å leite etter «ringskatten» og Den heilage Gral.

I oldtidssagaer står det mellom anna at kongen rådde over store område, og eitt av desse områda vart kalla Havlandet. Mange meiner dette var Møre. Dette er bakgrunnen for Arthurspelet, men det historiske går i andre rekke når dette heilsprøe spelet set i gong.

Manuset er fylt til randa av humor, og når skodespelarane framfører det får lattermusklane køyrt seg.

Alle skodespelarane snakkar på det mest grautete målet og det fører til at dialogane blir hysterisk morosame.

Dialekta i stykket med dei beste sunnmørske uttrykka er prima, og gir spelet ein ekstra snert som eg ikkje har sett i andre framsyningar. Dette gjeld til dømes uttrykk som «steikje det», «røytegale» og «årre heise».

Interresert i sterke sunnmørske utrykk? Les disse sakane:

– Årre heite det

Disse kraftutrykka må du pinadø lære deg

Dialekta i dialogane gjer at stykket ikkje blir kunstig eller blir fylt med klisjear, ei felle andre spel kan gå i.

Skodespelarane leverer også ei formidabel framsyning. Trass i tekniske problem i starten, blir ikkje skodespelarane påverka av det i framføringa si.

Det viser profesjonalitet sjølv om alle er glade amatørar.

Rollelista er lang og stjernene mange i Arthurspelet. Ein av desse stjernene er Elias Kleppe, som spelar guten Tord. Han får fram både det morosame i replikkane og spelar godt med dei andre karakterane. Hans framsyning imponerer stort.

Anne Marit Rise, som spelar Dondrå, og Odd Kåre Wiik som spelar Skakk, skil seg ut ved å levere eit godt stykke skodespel.

Dei serverer begge eit skodespel som får deg til å bryte ut i latter.

Spelet tek føre seg dagsaktuelle emne og kommunesamanslåing er det store i år. Inn i spelet kjem Ulstein, Hareid, Herøy og Vanylven representert ved personar i pene kle og våpenskjold hengande rundt halsen.

Det er kjekling mellom dei ulike kommunane, der ei kameratsleg erting blir synleg i stykket.

Folksamt Folk strøyma til Sandsøya for å sjå Arthur-spelet Foto: Endre Vorren

Mellom anna blir det påpeika at Hareid ikkje har øyer. Det mest overraskande med stykket er at Donald Trump dukkar opp i spelet når kommunane diskuterer. Han skal løyse opp i flokane mellom kommunane. Dette er litt malplassert, men er likevel frykteleg morosamt.

Tommy Wiik, som spelar Trump, serverer publikum dei standard gapne frasene som Trump så ofte kjem med. Sjølv om heile opptrinnet med kommunane og Trump er artig, blir denne sekvensen i lengste laget og kunna med fordel blitt korta ned.

Kvalitet i alle ledd Sangerne leverte, meiner anmeldaren Foto: Endre Vorren/Vestlandsnytt

Det som verkeleg hevar spelet frå bra til fantastisk er lydeffektane. Det er med på å krydre humoren som allereie eksisterer på scena. Der dei til dømes har lagt inn trafikkmelding frå NRK som fortel om ferjetrøbbel. Men også musikken er viktig for at stykket blir ei flott oppleving. Musikken set den stemninga og kjenslene som blir formidla på scena, det gjeld alt frå det triste til det morosame.

Musikken er av det moderne slaget. Det passar godt til Arthurspelet.

Dei får fortalt historia gjennom songane, sjølv om musikken ber preg av techno. Mellom anna får vi sjå ein sekvens der den eine karakteren rappar.

Les også spelmeldinga som vakte reaksjonar

Arthurspelet er ei fantastisk framsyning som alle burde få med seg. Dette var tirande (som er eit ord frå spelet og som betyr strålande). Terningkast 5

Foto: Endre Vorren/Vestlandsnytt