Styreleiar Lodve Solholm informerte dei tilsette om oppseiinga på allmøte i går ettermiddag, før eit ekstra styremøte. I eit ordinært møte neste veke fastset styret prosessen med å finne etterfølgjaren. Dette opplyser Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Grepstad blir 65 år 1. oktober.

– Eg kan kalenderen og ante at dette kunne kome, men skulle ønskje det ikkje kom alt no, seier Solholm. – Ottar Grepstad har vore direktør i 19 år, og styret er svært glad for at han blei så lenge. Under hans leiing og gode samarbeid med styre og råd er Nynorsk kultursentrum blitt ein nasjonal kulturinstitusjon av dei sjeldne.

– Å få lov til å byggje opp noko, tilsetje dei ein vil samarbeide med og oppdage alt dei har å fare med, er som den første forelskinga, seier Grepstad.

Grepstad blei tilsett som direktør i 1999 og var med det den første fast tilsette i Nynorsk kultursentrum. I valet mellom åremål og fast stilling den gongen valde han fast stilling og sa at han kom til å slutte brått.