Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen held konsert saman på Dei nynorske festspela torsdag 25. juni. Konserten skal vere i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet og Lars Bremnes er gjesteartist.

– Publikum får høyre mange av perlene i det banebrytande musikalske samarbeidet i skjeringspunktet mellom folkemusikk og jazz, fortel programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding.

Til Festspela har dei med seg eit stjernelag med Bendik Hofseth på saksofon, Hans Mathisen på gitar og Paolo Vinaccia på perkusjon. Folkemusikaren Kirsten Bråten Berg og jazzmusikaren Arild Andersen har eit langt samarbeid bak seg. Det er 25 år sidan Arild Andersen skreiv tingingsverket «Sagn» til Vossajazz, med utgangspunkt i repertoaret til Kirsten Bråten Bergs, viser og stev frå Agder og Telemark.

Det gjer også Arild Andersen.