Tore Utgård er tildelt kulturprisen i Sykkylven for 2014.

I grunngjevinga skriv kommunen at prisen går til ein av dei aller fremste eldsjelene i Sykkylven:

– Utgård har i over 30 år arbeidd med å bygge opp eit av dei flottaste skianlegg i regionen – Sunnmørsalpane Arena – Fjellseter. Han har lagt ned ein lang og stor administrativ og praktisk innsats for å bygge opp og drive senteret.

Det blir også peika på at Utgård har hatt ei sentral hand i alle spelemiddelprosjekt.

– Tore Utgård har hatt evne til å få andre med seg i laget og vore ein samlande person. Sjeldan har han framheva seg sjølv eller sin eigen innsats, sa ordførar Petter Lyshol då han delte ut prisen, som består av eit diplom og ein sjekk på 15.000 kroner.