– Vi har ikkje budsjett til å lage eit sceneshow à la Kygo. Men er det god nok heavy metal, så står musikken bra på eigne bein, meiner vokalist André Péter. Saman med dei fire andre medlemmane i Skaarv er han spenn klar til å varme opp publikum som første band ut på Jugendfest fredag 21. august.

Vokalisten i Skaarv har ikkje begynt å kjenne på nervane enno, men vedgår at dei bruker å krype fram eit par dagar før opptreden. Men å stå på same scene som Gabrielle, Admiral P og Lars Vaular, alle artistar langt unna Skaarvs sjanger, tek harøybandet berre som ei utfordring.

-Vi gler oss veldig!

Sugne på å spele

I utgangspunktet var harøybandet innstilte på neste spelejobb på Terminalen 4. september. Men så ringte Terje Erstad i Momentium, og lurte på om dei ikkje ville «varme opp med ein stadionkonsert først». Sugne som dei er på å spele mest muleg var ikkje «nei takk» eit aktuelt svar.

– Kva forhåpningar har du?

– Om vi dreg 25 stykk vi aldri har sett før, så er eg veldig fornøgd. Det viktigaste er at dei som kjem har det dritartig.

Ramsalt harøymetal

Når vokalisten blir spurt om kva publikum kan forvente seg når harøybandet entrar scena, er Péter ikkje sein om å dyppe målarkosten djupt ned i ein pøl av brunfargar. Berre tenk deg at du får ei bytte med sjøvatn pælma rett i trynet. Hardt og gjørmete, men på same tid ein ramsalt vekkjar. Slik føles det å vere på ein Skaarv-konsert. Omtrent.

– Publikum har i vente eit band som er veldig gira på å spele og underhalde. Vi speler sludge metal, som stammar frå sjangeren stoner metal frå sørstatane. Inspirasjonen hentar vi frå band som Down og Pantera, men vi har vår eigen vri på det.

Planar om album

Skaarv har ikkje flust av konsertar å vise til sidan debuten på Sandøy Rock i 2013. Men dei har allereie rokke å varme opp for både Sahg og Audrey Horne. Medlemmane har dessutan erfaring frå andre band, og er ikkje novisar på ei scene. Og alle låtane er komponerte etter egne "haud og hjarte".

På Jugendfesten aktar Skaarv å kline til med materiale frå EP-en "Seed of justice". Vil du få med deg bandet, bør du innfinne deg tidleg fredag, for i ei festivalramme med trong speleplan og mange band, er det ikkje plass til alle låtane dei har på lager. Ifølge Péter har dei nok å ta av, så det vert andre låtar å høyre på konserten i september.

– Går de med planar om å lage eit album òg?

– Det er litt tidleg i fasen, men vi har noko på gong. Forhåpentleg blir det innspeling av album i 2016.