På kontrollert vis sprang Dimna IL-fantomet inn til tida 46.70. Det heldt til ein førsteplass i forsøksheatet framfor nederlandske Maarten Stuivenberg (46.75).

Av dei semifinaleklare utøvarane på denne distansen hadde Warholm nest beste tid i forsøket. Luka Janezic frå Slovenia hadde den aller beste tida (46.44).

Likevel er nok framleis Karsten Warholm å sjå på som favoritt i denne øvinga. Han har ein personleg rekord på fantastiske 44.87.