Etter fleire dagar med full vinter i høgda, var vêrgudane definitivt på Geiranger IL og Eidsdal IL si side, då langt over eit halvt tusen utøvarar gjesta turistbygda laurdag.

Gode forhold vekslande mellom regn og sol, og ingen glatte parti. Men rekordmykje snø i høgda var ramma for dei som tok seg til toppen av Dalsnibba.

Bjørn Tore Hoem var raskast på sykkel med 1.04.14, Tesfayohannes Fisehatsion var med 1.31.36 knappe to minutt bak Hans Martin Gjedrem sin løyperekord etter i Nibbeløpet, og romsdalingen Rune Malo Ødegård var raskast tiltopps på rulleski.

Ingrid Lorvik, CK Victoria, senka Borghild Løvset sin sykkelrekord med åtte sekund til 1.11.45

Miniutgåvene med målgang ved Flydalsjuvet vart vunne av Oskar Mjelde Mork (12.42) på sykkel og Kristian Nedregård (16.48) løp.

Sunnmørsposten kjem med fyldigare reportasje i måndagsutgåva på papir.