Frå og med i dag er Stranda-trekket ope på dagtid vekedagane.
Endret: 22.12.2011 kl. 14:48
Stranda-trekket har tidlegare i desember vore ope i helgene.
Frå og med i dag er trekket ope på dagtid måndag til fredag. Fleire av heisane er opne.
– Det har kome store mengder snø. Og det er flotte, preparerte løyper, seier marknadssjef Tom Anker Skrede i Stranda Skisenter.
– Siste døgn har det kome 45 centimeter snø i toppen av anlegget. Den totale snømengda er om lag 170 centimeter på toppen. Så også utanfor løypene er det fine forhold med masse laussnø. Og det er meldt meir snø, seier Skrede.
Fleire opne trekk i jula
Også i Harpefossen Skisenter har pudderalarmen gått. Onsdag opnar dei for køyring også på dagtid.
– Sjølv om det skulle bli mildvêr, trur eg snøen skal vere så godt trakka i hop at den held seg i dagevis, seier dagleg leiar Bjørn Kjørstad.
Ørsta Skisenter og skianlegget på Fjellsetra er ope for kveldskøyring og helgekøyring.
– Det er bra forhold. Sjølv om det skulle kome mildvêr vil løypene halde seg heile jula og vel så det, seier Rune Moltudal som er driftsleiar i Ørsta Skisenter.
