53 deltakarar fullførte halv- eller heilmaraton. Kvinneklassa i halvmaraton vart vunnen av Tonje Brande frå Ålesund.

Andreas Skylstad, Norangdal IL/Normatic AS vann herreklassa på heilmaraton, medan Liv B. Jegteberg Lystad, Oslofjord Triatlon, tok førsteplassen i kvinneklassa.

Med god deltaking, flotte forhold og fine tilbakemeldingar vart nyskapinga ein suksess for initiativtakarane Arve Haugland, Arild Foldal og Martin Hauge-Nilsen. Trekløveret lét seg inspirere etter å ha lest boka «Født til å løpe», og tenkte – kvifor ikkje eit tøft fjelløp i Ørsta?

Målet til arrangøren var å skape eit løp utan funksjonærar, der deltakarane har ansvar for seg sjølve.

– Vi prøvde å leite opp gode stiar og merka desse godt. Vi laga også eit kart med nummererte stader ein skulle passere, seier Arve Haugland.

Laurdag gjekk startskotet på gardstunet til Haugland på Barstad i Follestaddalen. Vegen gjekk så til Brekkeheida, Kråkenakken, Grøthornet, Sandhornet, ned til Rambjørnhornet og vidare ned til Mosetra og til Daleteigane. Løpet gjekk vidare til Kanalvegen opp bak Øvre Mo, med stisamband mellom Kanalvegen og Barstadheia, før deltakarane kom i mål på halvmaraton og til runding for heil.

Raske damer: Dei raskaste kvinnene på halvmaraton, frå venstre, Stine Marie Løvoll, Follestaddal IL (3.02.10), Tonje Brande, Ålesund (2.51.06) og Iren Nordal, Misund IL (3.00.29).

Arrangørane fekk gode tilbakemeldingar etter løpet. Dei fleste deltakarane var lokale frå Sunnmøre, men det kom også deltakarar frå Austlandet.

– Interessa har vore overraskande stor. Då vi byrja å tenke på dette trudde vi på eit deltakartal mellom 10–15. Sjølv med tåkedis og 12 varmegrader stod det heile 60 deltakarar på startstreken, og vi vonar no at dette vert eit fast arrangement i åra framover, seier Arve Haugland.

At han sjølv var raskast tek han med knusande ro.

–I dag var det viktigast å få til eit flott arrangement, smiler den spreke initiativtakaren. Han synest kommentaren frå maratonmannen Inge Asbjørn Haugen (63) frå Hornindal er god.

– Haugen har ein merittliste på heile 521 maratonløp. Då han kom i mål sa han at Ørsta Fjellmaraton er Norges hardaste maraton, seier Haugland.