Etter kampen feira laget med sjampanje og allsong i garderoben. I midten stod jubilanten Tommy Malins og blei spruta søkkvåt av sjampanjeflaskene.

- Det har vore ein stille feiring so langt, eg trur den kjem til å ta seg litt opp no, seier Malins

Klare for opprykk

Volda sikra sigeren, og dermed opprykket mot Langevåg på Volda stadion i kveld.  Stian Finnøy og Tommy Malins skåra dei to måla for Volda, medan Eirik Sandvik  satte inn reduseringa for Langevåg. Malins kan fortelle at han hugsar lite av si eiga skåring

Forbanna trenar

Voldatrenar Rikard Vestre legg ikkje skjul på at han er fornøgd med opprykket, men kampen i dag er han mindre stolt over.

- I første omgang får me til alt me vil, og leverar ein perfekt omgang. Etter pausen er me dessverre tafatte, og det ser ut som me har starta feiringa allereie. Eg er rett og slett forbanna på måten me spelar i andre omgang.

Blir i Volda

Det dårlege spelet til trass, neste sesong skal Volda bryne seg i tredjedivisjon, og det blir med Malins på laget.

Eg har hatt ein fantastisk sesong her i år, og eg kjem definitivt til å vere med på laget til neste år, avsluttar kaptein og toppskorar på Volda, Tommy Malins