I ei pressemelding frå styret i Stryn fotball tysdag kveld vert det stadfesta at Johan Sigurdsson vert ny trenar for Stryn sitt lag i tredje divisjon.

Sigurdsson går dermed inn i sin tredje periode som strynetrenar. Han trena også Stryn 2003-2004 og 2009. Sigurdsson har også vore assistenttrenar for Sogndal i 2005 og 2006.

- Vi er svært heldige i Stryn som har så mange gode trenarkapasitetar i bygda. Dagmund Evebø har gjort ein veldig god innsats med A-laget dei siste tre åra. At vi igjen kan velje frå øvste hylle og få på plass ein kapasitet som Sigurdsson er veldig positivt for klubben. Med Johann på plass kan vi halde fram med ei sterk satsing på A-laget på same tid som vi utviklar unge spelarar i klubben, seier styret i pressemeldinga.