Allereie i den første øvinga han deltok i, 60 meter hekk, sprang Warholm inn til ein komfortabel siger. Han kom inn til tida 7,82, som er ny personleg rekord for 19-åringen frå Ulsteinvik. I sigersintervjuet sa Warholm at han er godt fornøgd med opninga.

- Det var godt å få sigeren, men eg trur eg kunne sprunge enda fortare.  Eg har lagt opp til å gjere det godt her på heimebane, so det er godt å få bekrefta at eg kan vinne, seier Warholm.

Sjølv om formkurva ikkje skal vere på topp før under sommarsesongen, har Warholm lagt inn ein liten formtopp til UM på heimebane. Ei veke på treningsleir skal sikre at han presterer optimalt under heile helga.

To av to mulege

Før finalen på 400-meter like før klokka 19 vart det spekulert i ny noregsrekord, men slik vart det ikkje. Likevel kunne Warholm smile etter eit solid løp. Allereie i første sving hadde han ei stor leiing, og då han løp i mål som førstemann på tida 47,36 var det langt tilbake til nest beste.

På heimebane

Arve Hatløy er både stemneleiar og trenar for Warholm. Han håpar at dei to prøvestemna som har vore i Ulsteinhallen legg grunnlaget for eit prikkfritt arrangement.

- Eg håpar det blir fullt på tribunene og at utøvarane presterer opp mot sitt beste. Då blir det eit bra stemne, seier Hatløy.

Han har også høge forhåpningar til treningseleven Warholm. Totalt skal han delta i 8 konkurransar i løpet av helga, men i følge Hatløy blir det vanskeleg å ta gull i alt.

-Det blir veldig spennande. Det er fleire greiner han ikkje har øvd so mykje på, men viss det klaffar godt, kan han hente heim 5-6 gull,  seier Hatløy.