Bergsøy glapp defensivt

Bergsøy sin playmaker, Aron Kobbenes, spelte ein veldig god kamp, og enda på heile 9 fulltreffarar. Allikevel blei det tap 30-33 i opningskampen mot Vikhammer.
Foto: Hans-Olav Rise
Bergsøy sin playmaker, Aron Kobbenes, spelte ein veldig god kamp, og enda på heile 9 fulltreffarar. Allikevel blei det tap 30-33 i opningskampen mot Vikhammer. Foto: Hans-Olav Rise

Bergsøy sitt herrelag hadde god tru på siger, men slett forsvarsspel gjorde at Vikhammer til slutt vann 30-33.

Hans-Olav Rise
Publisert: 24.09.2011 kl. 21:46
Endret: 24.09.2011 kl. 22:57

– Vi hadde alle håpa å vinne denne kampen. Vi har trena godt i sommar, og utifrå kampen synest eg vi fortener litt betre i dag, kommenterte Bergsøy sin bestemann, Aron Kobbenes etter kampen.

Kobbenes enda på ni scoringar mot Vikhammer i opningskampen i 2.divisjon i handball, men allikevel blei det tap. Vikhammer, som slo Bergsøy i begge fjorårsoppgjera, vann til slutt 30-33.

Les fleire sportsnyheiter på smp.no

Glimrande opning

– Eg synest ikkje vi er heilt på topp i dag, og vi har meir å gå på. Vi rotar litt for mykje til tider, litt offensivt, men det er mest bakover eg synest vi blir for dårlege, nikka Kobbenes.

For etter ei glimrande opning, der heimelaget Bergsøy leia 5-1 etter seks minutt, fekk Vikhammer gå opp til 6-8 etter halvspelt første omgang. I resten av omgangen fulgte laga kvarandre tett, og bortelaget gjekk til pause med leiing 15-16.

Utvisningar

Før kampen hadde Bergsøy mål om å ikkje sleppe inn meir enn 20 baklengs, maks 25. Det såg kanskje ut til å kunne gå, for etter nærmast halvspelt andre omgang var Bergsøy i leiinga 22-20.

Det glapp derimot igjen, og unødvendige - og uheldige - utvsningar, gjorde at Vikhammer gjekk opp til 22-25. Bergsøy henta dei inn til 26-26, men deretter var det bortelaget som hadde marginane med seg. Til slutt enda det 30-33 framfor dei mange frammøtte i Herøyhallen.

– Fri bane

– Måla vi scorer skal vere nok til å vinne, men vi slepp dei for lett til i forsvar. Vi støter ikkje kjapt nok, og gir dei fri bane mot mål litt for ofte, sa ein litt skuffa Kobbenes.

– Men dette er eit lag vi skal slå i returkampen. Dei er ikkje betre enn oss, avslutta den 21 år gamle Bergsøy-playmakeren.

Les meir i papirutgåva av Sunnmørsposten måndag

Kampfakta:

2.divisjon menn, avdeling 5 - 24.09.2011
Bergsøy - Vikhammer: 30-33 (15-16)

Stad: Herøyhallen
Tilskodartal: 160

Dommarar: Frode Strandman og Roar Strandman

Bergsøy: Knut Erik Håheim, Stian Garvik Rødseth, Daniel Nysæter 2, Jan Erik Myrseth 2, Aron Kobbenes 9, Bjørn Inge Tråseth 2, Lars Bussesund Kvalsund 1, Lars Erik Bøe, Hallvard K. Fylling 6, Rikard Moe, Frode B. Moe 4, Ruben Slåttelid, Eldar Lillerovde 4, Håkon Sævik

Toppscorar:
Bergsøy: Aron Kobbenes, 9
Vikhammer: Morten Norum, 8

På forsiden nå

Smak av gamle dager

Aktivitetsdag ved Sunnmøre Museum, onsdag 22. februar. Se bildeserie

- Til Viking

Bjørn Helge Riise vil hjem til Norge når kontrakten med Fulham går ut. Ifølge TV2 har han inngått en muntlig avtale med Viking. Les mer

Smittsom sjukdom hos moskus

Fem moskuskalver på Dovrefjell avlivet på grunn av munnskurv. Sjukdommen kan smitte til mennesker. Les mer

Nattestengt på fv 63 Eidsdal - Geiranger

Fra klokka 19, onsdag, på grunn av rasfare. Les mer

Kollisjon stengte Måndalstunnelen

To menn lettere skadd. Tunnelen stengt fra rundt klokka 16.15, onsdag og i rundt halvanna time. Les mer