Nattcupsuksess på Stranda

Vinnarlaget Los Caballeros med primus motor Jon André Varsi som nummer to frå venstre i fremste rekkje. Sunnmørske innslag elles i laget er Frode Molnes (midten bak) og Fredrik Relling.
Foto: Atle Hole
Vinnarlaget Los Caballeros med primus motor Jon André Varsi som nummer to frå venstre i fremste rekkje. Sunnmørske innslag elles i laget er Frode Molnes (midten bak) og Fredrik Relling. Foto: Atle Hole

Los Caballeros vann herreklassa og Podémos kvinneklassa då det vart arrangert nattcup for 17. gong i Strandahallen sist helg.

Atle Hole
Publisert: 10.01.2012 kl. 21:03
Endret: 10.01.2012 kl. 21:03

- Mellom dei beste turneringane vi har hatt. Alt har gått knirkefritt med 32 lag i kontinuerleg spel i godt over 20 timar, seier turneringsgeneralen, Espen Hove, like etter siste finalekamp. Sjølv har han knappast hatt blund på augene for heile natta.

Jubileumssiger

Finalen i herreklassa gjekk til sudden death. Det stod 1-1 etter ordinær tid mellom hovudstadslaget, Los Caballeros, og Kappa Nova med spelarar mellom anna frå Stranda og Volda. Knut Arne Grimstad stod for målet til sunnmøringane, medan Bjørn Pickhardt og Alexander Kristoffersson scora for vinnarlaget.

- Det er tiande gongen vi er her, så det er eit lite jubileum. Og det er fjerde gongen vi vinn, fortel ein av sunnmøringane i laget, Jon André Varsi. I yngre år var han ein farleg feiar i Stranda si angrepsrekkje, men det er nokre kilo og tatoveringar sidan. Elles spela Frode Molnes og Fredrik Relling, begge med opphav frå skodjebygda, på vinnarlaget.

Kappa Nova hadde mykje av spelet i finalen, men fann ikkje ut av eit taktisk godt og lavtliggjande Los Caballeros.

-Dette er tredje gongen eg taper finalen, kunngjorde ein litt resignert Endre Kjølås etter at dommar Steinar Hjelle hadde sett sluttstrek. Prim, eit lag med gode tradisjonar i nattcupen, tok tredjeplassen etter 1-0 over Hoggorm. Målscorar her var Erik Åkre, som óg vart toppscorar i herreklassa med 13 mål

Populær heimetriumf

Stine Fivelstad vart finalehelt i dameklassa for vinnarlaget Podémos, eit lag med stamme frå Stranda IL sitt jentelag som tok Norway Cup-bronse i 2009. Desse jentene er no 17- og 18 år, og overraska positivt mot favoritt og fjorårsvinnar Puma Queens. Eit langt meir rutinert mannskap med spelarar frå FK Sykkylven, Fortuna og Volda.

Med fin teknikk, teft for mål, gode mottak og vendingar, vart det ei stor turnering for 17-åringen. Ho gjorde begge måla i 2-0 triumfen, ho vart toppscorar mellom jentene med ti mål, vart kåra til beste jentespelar og fekk sjølvsagt plass på «all-star-laget».

Team Taskedyr, stort sett med spelarar frå Brattvåg sitt damelag, tok tredjeplassen.

Chippen-konkurransen rundt midnatt, mellom uttrekte deltakarar og for fullsett hall, vart vunnen av Ole Magnus Melchior. Oppfostra i Norddal og son av Petter Melchior, tidlegare toppspelar mellom anna på Sogndal.

På forsiden nå

Smak av gamle dager

Aktivitetsdag for rundt 200 små og store, ved Sunnmøre Museum, onsdag 22. februar. Se bildeserie

- Til Viking

Bjørn Helge Riise vil hjem til Norge når kontrakten med Fulham går ut. Ifølge TV2 har han inngått en muntlig avtale med Viking. Les mer

Smittsom sjukdom hos moskus

Fem moskuskalver på Dovrefjell avlivet på grunn av munnskurv. Sjukdommen kan smitte til mennesker. Les mer

Nattestengt på fv 63 Eidsdal - Geiranger

Fra klokka 19, onsdag, på grunn av rasfare. Les mer

Kollisjon stengte Måndalstunnelen

To menn lettere skadd. Tunnelen stengt fra rundt klokka 16.15, onsdag og i rundt halvanna time. Les mer