– Berre sjå rundt deg. Stadig fleire unge renn på twintipski. Dette er ein idrett i sterk vekst. Hittil er den lite tilrettelagt, men det vil kome.
Endret: 12.01.2012 kl. 13:38
Orda tilhøyrer Espen Berg-Johnsen (28), instruktør under eit trenarkurs i regi av Norges Skiforbund, med fokus på jibbing.
Staden er Fjellsætra, der ein har bygt opp ein park med sju «rails» og eitt stort hopp. I tillegg finst der ein barnepark med tre «rails». Dei ulike elementa kan byggjast om, og på den måten få endra vanskegrad.
Ein god park er heile tida i endring og vert aldri keisam.
– Dette er beste railparken i landet, seier ein oppglødd Vebjørn Engeset, som er deltakar på kurset. Til litt kremting frå dei andre ser han seg best tent med å moderere seg litt.
– Ja, ja. Best på Vestlandet då. Ingen motseier han på det.
Les fleire sportsnyheiter på smp.no
OL-grein
Berg-Johnsen har åtte elevar på kurset. Alle gutar. Dei er i ferd med å bli pionerar. Dei fyrste som tek trenarutdanning i jibbing på sunnmørsk snø.
– Det er viktig at vi får utdanna trenarar. Fordi foreldra er ofte skeptiske, dei veit ikkje heilt kva dette går ut på. Men dei skal vite at vi legg stor vekt på trygge rammer og minimering av alt som heiter risiko. Kurset må óg sjåast som eit ledd på vegen mot betre støtte og oppfylgjing, meir ressursar og fokus på køyrarar på twintipski, seier instruktøren, som for tida er lærar ved Akademiet i Ålesund. Han har lang røynsle som jibbetrenar mellom anna frå klubben Freidig i Trondheim.
– Elles samarbeider vi godt med både den lokale skikretsen og Norges Skiforbund. Der vert det for tida satsa tungt på dette med parkar, særleg etter vi har fått klarsignal i framtidige OL. Nøyaktig korleis ein slik OL-konkurranse vil føregå er litt usikkert, men det gjeld å hanskast med dei ulike elementa ein møter i løypa på mest mogleg måte, fortel Berg-Johnsen.
Stor dugnad
For å få parken presentabel til trenarkurset vart det lagt ned eit omfattande dugnadsarbeid, der fleire av kursdeltakarane óg deltok.
– Eg byrja på dugnad klokka ni fredag kveld og slutta klokka 0300 natt til laurdag. Så to kursdagar med mykje skikøyring. No er eg sliten, slo deltakar Syver Aure Torvik fast mot slutten av kurset.
At dei nye trenarspirane sjølve var habile utøvarar gav dei fleire eksempel på. Anten det galdt å skli sidelengs etter glatte rør eller å gjere spektakulære, luftige hopp. Dei meistra det meste, med ski på beina og tupp i begge endar.
