Dei fleste eldre ålesundarar har høyrt historia om då kinosalen vart tømt fordi fiskarane fekk meldinga om at «silda e koma». Er det fakta eller ein myte?

I fiskarfilmen «Ut mot havet» er det ein slik scene frå Løvenvold kino.

- Dette var noko som verkeleg kunne hende under sildefeberen på 50-talet, meiner Jan Johansen frå Ålesund. Roger Korsnes frå Hareid er i tvil. Han fortel at han og fleire andre fiskarar vart hyra inn som statistar til fiskarfilmen «Ut mot havet», og at det som vert vist på filmen dermed er arrangert.

I høve 100-årsjubileet til Sunnmøre Fiskarlag viser Smp.no bilete frå fiskarfilmen «Ut mot havet», utgjeven av Sunnmøre Fiskarlag på 50-talet. Her er unike bilete frå ulike fiskeri, mellom anna det eventyrlege sildefisket.

Storfiskarar episode 5: Silda e koma