- Det var knallhardt arbeid, fortel Roger Korsnes frå Hareid, som var linefiskar på 50- og 60 talet.

Linefisket var rekna som eit spesielt krevjande fiskeri. Med ein arbeidsdag på 20 timar herja søvnmangelen, men det verste var dei såre fingrane. I denne episoden av serien «Storfiskarar» røper Roger Korsnes kva som var den eigenproduserte medisinen mot såre fingrar. Det er ein metode dagens Mattilsyn garantert ikkje hadde godkjent.

- Banklinefisket er nok det mest typisk sunnmørske av alle fiskeri, seier Knut Arne Høyvik, som sjølv har vore lineskipper. Han har skrive 100-årssoga til Sunnmøre Fiskarlag.

I høve 100-årsjubileet viser Smp.no bilete frå fiskarfilmen «Ut mot havet», utgjeven av Sunnmøre Fiskarlag på 50-talet. Her er unike bilete frå ulike fiskeri, også frå linefiske på Storegga, og garnfiske ved Island.

Storfiskarar episode 8: Tøffe tak.