Sjå interaktivt kart over saka! (Finn du noko feil? Tips oss gjerne på internett@smp.no)

I snart 30 år har Vebjørn Krogsæter vore dagleg leiar i sitt eige firma - Krogsæter Byggelag. Når senterparti-politikaren blir ordførar i Haram, er det slutt.

– Eigentleg hadde det vore slutt snart uansett, for den siste tida har eg trappa det ned gradvis. Anten for å gå inn i politikken, eller for å gjere strukturendringar. Skulle eg ha halde fram i bransjen ville det ha vore saman med nokre andre og i noko heilt nytt. Slik blir det ikkje, i alle fall ikkje no, seier 51-åringen til Sunnmørsposten.

Odelsrett på gard

Haram sin påtroppande ordførar er fødd i Oslo, men vaks opp i Spjelkavik i Ålesund.

Saka held fram under bilde

Byggmeister Senterpartipolitikar Vebjørn Krogsæter er byggmeister og tømrar. Når han blir ordførar i Haram om ikkje lenge, avviklar han firmaet sitt, Krogsæter Byggelag. Foto: Staale Wattø

– Som 17-åring flytta eg til Krogsætra i Vatnedalen, og der har eg budd sidan - du skjøner, eg hadde odelsrett til ein gard der. I tillegg til å vere byggmeister og tømrar har eg også ei agronomutdanning, men garden, den er så liten at den ikkje er drivverdig. Rett nok har vi markar som må slåast, men der er ikkje dyr, fortel han.

Han og kona Unni har fire barn, og etter kvart er det også kome eit barnebarn.

Eige firma i snart 30 år

Bedrifta Krogsæter Byggelag vart starta rundt 1986.

– På det meste var vi fire tilsette, men dei to siste månadene har det berre vore meg, seier Krogsæter.

Les alt om lokalvalet 2015 her

I tillegg til jobben som dagleg leiar i firmaet er han også styreleiar i Friluftsrådet for Ålesund og omland, har styreverv i fleire bedrifter og han har verv både i ungdomslaget og idrettslaget.

Politiske hjertesaker

Eit samarbeid med Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet sikra Senterpartiet ordføraren, og KrF varaordføraren i Randi Walderhaug Frisvoll.

– I tillegg er Miljøpartiet Dei Grøne invitert med. Tysdag møter vi dei til samtalar, fortel Krogsæter.

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

Då han nyleg fekk spørsmål frå lokalavisa Nordre om kvifor han byrja med politikk, svara han følgjande:

– Eg er samfunnsinteressert på mange område, og kanskje vel så interessert i storpolitikk som det kommunale. Likevel er alt vi gjer i kvardagen kommunalt. Infrastruktur i alle former er eg veldig interessert i, og menneske og utdanning. No håpar eg at vi skal få tatt tak i tinga vi ikkje er gode nok på: Lese- og skriveferdigheiter for dei minste ungane. Det er fundamentet i heile livet.