Dei er heller ikkje tilhengarar av forslaget frå eit regjeringsoppnemnt utval om ein kraftig reduksjon i talet på fagskular.

Møte i fagskulestyret

Det var regjeringa Stoltenberg som i august 2013 oppnemnde eit utval til å greie ut framtida til norsk fagskuleutdanning.

Denne saka kjem opp på møtet i fagskulestyret tysdag, på bakgrunn av at Møre og Romsdal fylkeskommune er beden om å gje uttale til forslaget i NOU 2014 «Fagskolen - et attraktivt utdanningsval».

Dei peikar på at å flytte ansvaret for fagskulane frå fylkeskommunen til staten, ikkje automatisk vil bety at sektoren får eit løft.

Meir avgjerande

Det er mykje meir avgjerande for utviklinga, både av eksisterande og nye tilbod, at staten tar eit større ansvar for å finansiere dei reelle kostnadene for dei ulike fagskuletilboda.

Det vert understreka kor viktig det er å arbeide for å utvikle robuste fagmiljø. Men det må vere nokre fleire enn utvalet foreslår.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Behova til næringslivet

Dei særlege behova som næringslivet i Møre og Romsdal har, kan best takast i vare gjennom noverande struktur.

Møre og Romsdal har i dag om lag 450 fagskulestudentar på skulane i Ålesund og Kristiansund.

Når det gjeld finansiering, er Hollen og Guttelvik samd med utvalet om at sektoren har utilstrekkeleg finansiering, og at finansieringssystema har liten grad av føreseielegheit. Dette gjer det vanskeleg å fremje utvikling av nye tilbod og aktivt rekruttere til tilbod.

Må dekkje reelle kostnader

For Møre og Romsdal sin del er det avgjerande at statleg finansiering dekkjer reell kostnader for dei ulike utdanningane.

Dei to fagskulane i Møre og Romsdal, som i stor grad tilbyr tekniske og maritime utdanningar, er utstyrssensitive og difor veldig kostnadskrevjande.

Underfinansiert

Møre og Romsdal fylkeskommune brukar kvart år store summar for å dekkje underfinansieringa, noko som er naudsynt for å halde oppe eit sterkt fagmiljø.

Dette er og viktig for dei kompetansebehova næringslivet i fylket har. Dette er ikkje berekraftig i lengda, meiner Hollen og Guttelvik.

Dei understrekar at dekking av reelle kostnader og friske utviklingsmidlar er viktig for nyskaping og utvikling av nye tilbod til næringar i vekst.

Det var i samband med forvaltningsreforma i 2010 at Møre og Romsdal fylkeskommune fekk ansvaret for drift og finansiering av fagskuleutdanninga. Fylkeskommunen skal ha ansvar for at det finst eit tilbod av godkjent fagskuleutdanning i fylket som tek omsyn til lokalt, regionalt og nasjonal kompetansebehov.

'Fagskuletilbodet i fylket kan enten verte realisert i eigen regi, eller gjennom finansiering av private tilbydarar.