Volda-studentane Tiril Mettesdatter Solvang, Oda Ording, Erlend Wingan, Siri-Ann Roska og Kristian Dugstad står bak ein ny web-serie om å vere ung på Nordvestlandet.

I kvar episode møter vi to ungdommar frå Søre Sunnmøre med ulikt verdisyn. I første episode handlar det om religion og seksualitet.

  • Sjå første episode av Ungmøre over artikkelen

I første episode møter vi Synne Marie Langstøyl Ulstein som går på ein kristen internatskule og lever etter bibelen. I ungdomstida har ho fleire gonger vorte sett utanfor og møtt reaksjonar for livssynet sitt.

Les reportasje om dei to ungdomane på studentavisa Nærnett.no

Ilnur Tukthametov (17) er homofil og kjem opphavleg frå Kasakhstan. Då han fortalde om legninga si til mora, vart ho lei seg, og meinte homofil var ein sjukdom. Opp gjennom oppveksten har han óg levd med korleis medelevar på skulen har snakka bak ryggen hans.

Denne saka er eit samarbeid mellom smp.no og journalistutdanninga i Volda.