Før helga var det 10 grader på Nordvestlandet før temperaturen kraup ned mot null i helga. Og slik vil det halde fram nokre dagar.

På fjellovergangar som Ørskogfjellet og Strandafjellet blir det ein god del snø tysdag morgon.

Men onsdag er nok temperaturen oppe igjen i 10 grader i Ålesund.

– Særleg onsdag blir det mildt, med sørvest full storm ved Stad, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga på Vestlandet.

Ganske normalt før jul

Det er klimatoppmøte i Paris denne veka, men meteorologen vil ikkje kople det ustabile vêret med globale oppvarming.

– Mor mi brukte å seie at det er minst sju isholker før jul. Slike svingingar er dessverre ganske normalt før jul. Men det vi ser er stadig temperaturar over normalen, seier Fagerlid og viser til at 2015 ligg an til å bli det varmaste året sidan globale målingar starta i 1880.

Grunnen til det skiftande vêret forklarer han med milde luftmassar sør i Atlanterhavet og kald luft lenger nord.

– I tillegg har vi ei ugunstig plassering av jetstraumen. Så det vil stadig variere mellom kraftig lågtrykk og kaldare vêr, og temperaturen går opp og ned, seier meteorologen.

Kan bli snø på fjellet i jula

– Blir det snø på fjellet i jula, trur du?

– Til dømes Strandafjellet får påfyll av snø i fleire dagar no. Onsdagen og helga kan føre med seg regn. Men det er håp om å få opna trekket til jul, dersom vêret held fram som no, seier meteorologen.

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook.