Vermeldingane for helga byr ikkje på dei beste nyheitene for dei som hadde satsa på godt skiføre. Skal du ta skia fatt, bør du i tilfelle legge turen opp i høgda.

For Møre og Romsdal fredag melder Yr.no  om vind opptil frisk bris frå vest, dreiande sørleg og enkelte sluddbyer og snøbyer.

Været i nordvest nå: Sjekk våre webkamera

Fredag ettermiddag er det venta auking til søraust liten kuling utsette stader, om kvelden dreiande sørleg. Men det vert stort sett opphaldsver, etter kvart litt sludd eller snø frå sør, og seinare regn under 700-900 meter.

For laurdag kan fylket vente seg bris omkring sør, til dels kuling på kysten, perioder med regn, sludd eller snø i indre områder i høgda. Samstundes vil temperaturen synke.

Gjør som flere enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook