Varmen i Sør-Skandinavia held koken. Laurdag kan også Møre og Romsdal få ein smak av varme nokre få timar.

På kysten får Ålesund 16 grader.

- Men du treng ikke dra så langt inn før det blir varmere, seier meteorolog Jon Austerheim til smp.no.

I Stryn, til dømes, kan det blir godt over 20 grader.

Varmen er venta å nå toppen mellom klokka 15 og 18. Men det varer berre eit par timar. Så det gjeld å nyte varmen mens ein kan.

For etterpå er det stort sett tilbake til den lett kjølege forsommaren med 11-12 grader ved kysten. Søndag blir det også regn.