Skottland har vore innhylla i eit lavtrykk, som har gitt skottane dårleg vær mykje av sommaren. Dette lavtrykket har også påvirka Norge. Vigra hadde 35 milimeter nedbør den 3. juli i år. Det er ny rekord sidan målingane starta her i 1958.

Gjennomsnittstemperaturen for juli var likevel høgare enn normalt: 10,5 grader heile døgnet medrekna.

Vêret i Norge har dermed vore 0,3 gradar varmare enn normalt. Høgrykket som har skapt heitebølger i Europa har aldri nådd lenger enn Alpane.

Men kva er eigentleg normalt vêr?

– Vi baserar normalen på perioden 1960-80, fortel klimaforskar Elin Lundstad i Meterologisk institutt.

Kva som er normalen er eit definisjonsspørsmål i ei tid der klimaet blir stadig varmare.

– Det kjem ein ny normal i 2021, som justerar for varmare gjennomsnittemperaturar seier Lundestad.

Trass i høgare snittemperatur har makstempen vore låg i år.

«Den ble målt til 28,5 grader på Kotsøy i Midtre Gauldal i Sør-Trøndelag 22. juli. Vi må 25 år tilbake for å finne en lavere maksimumstemperatur, som da ble målt til 28,2 grader i Buskerud. Juvasshøe (1.894 moh.) i Lom i Oppland opplevde 14. juli månedens kaldeste dag med -4 grader.» Det meldar NTB.