Medan Ålesund kan få nærare 30 mm regn i dag fram til midnatt, kan Ørskog få nærare 40 mm, ifølgje Yr.no.

For området ved det mykje omtalte fjellet Mannen er det meldt 25 mm.

– Auke til vestleg stiv og periodevis sterk kuling utsette stader. Regnbyer. Utrygt for torden, lyder tekstvarslet for Møre og Romsdal.

Det verste regnvêret ser ut til å kome sør for Stad. Både for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland legg dei til at det kan bli «lokalt mykje nedbør». Særleg onsdag kan det bli ille sør i Hordaland og nord i Rogaland.

På Sørlandet er uvêret over, men heile 47 vegar er stengt, melder NTB tysdag føremiddag.