Meteorologisk institutt har kalla inn ekstra mannskap for å overvake situasjonen ekstra nøye. Norge er inneklemt mellom eit kraftig høgtrykk ved Finland og eit kraftig lågtrykk ved Grønland.  Tidleg søndag har det kome oppdaterte varsel.

I området merka mørk brunt på kartet blir det kan hende vindkast på ekstreme 35-45 m/s.

Elles på Nordvestlandet er det venta kraftig vind og vindkast. Vinden kjem frå sør.

– I ettermiddag søndag er det venta auke til sørleg liten storm i fjellet, frå i kveld sørleg full og periodevis sterk storm 30 m/s. Frå i kveld er det venta kraftige vindkast i indre dal- og fjordstrok. Vindkasta kan bli til 30-35 m/s og veldig lokalt kan det bli ekstreme verdiar, 35-45 m/s, heiter det i varselet frå Meteorologisk institutt.

Det kan vere farleg å ferdast i fjellet. Sterke vindkast kan føre til lokale straumbrot og tre som har blåst over ende kan ligge i vegbana. Ver forsiktig når du ferdast utandørs, åtvarar meteorologane.

– Blått felt syner dei mest utsette områda, melde @meteorologene på Twitter laurdag kveld.