– Med eit veldig kaldt underlag og regn, kan det fryse på bakken. Vi skal ikkje sjå bort frå at det blir glatte vegar lokalt, seier meteorolog Gunnar Livik i Vervarslinga på Vestlandet til Sunnmørsposten.

– Det kan også bli kvitt i nedbøren heilt ned til havoverflata. Snøgrensa langs kysten ser ut til å ligge på eit par hundre meter, seier Livik søndag morgon.

– Det vil gå over til byever måndag føremiddag, med sludd eller snøbyer, regn på kysten. Vinden kjem frå nordvest og minkar ut over dagen, seier meteorolog Livik.

Ut over veka blir det mildare. For Ålesund er det meldt både seks og sju plussgrader onsdag og torsdag.

Snøskredfare

For Romsdal er snøskredfaren i dag søndag betydeleg, faregrad 3, melder Varsom.no. For Sunnmøre er det meldt moderat snøskredfare, faregrad 2, søndag.

Men for måndag gjer varselet på Varsom.no eit hopp til faregrad 4 – raudt varsel.