Ein lesar i Hovdebygda tipsar Sunnmørsposten om at ho har målt 18,3 grader laurdag føremiddag denne første dagen i november.

– Fantastisk fint. Slik starta 1. november. No må eg ut på tur å nyte den milde fønvinden, fortel ho.

Kan ein så høg temperatur i november verkeleg stemme?

– Ja, det stemmer veldig godt, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Ørsta/Volda hadde 19,2 grader. Det er ganske så mildt for å vere november, seier han.

Denne vêrstasjonen vart oppretta i 2002, den førre rekorden var 18,3 grader og er frå november 2003.

Fleire rekordar

Og det er fleire novemberrekordar som har falle på Sunnmøre i dag. Vêrvarslinga på Vestlandet har sendt Sunnmørsposten ein oppdatert oversikt.

Svinøy fyr: 17,0 grader. Målingar sidan 1955. Førre rekord var 16,8 grader i november 2003.

Linge: 17,0 grader. Målingar sidan 1961.

Andre målingar i dag: Tafjord: 17,8 grader. Stryn: 17,5 grader. Kråkenes Fyr: 17,4 grader.

Ålesund varmast i landet

Varmast i landet i dag var det i Ålesund. På målestasjonen ved Brusdalsvatnet viste det 20,1 grader, og på Bingsa målestasjon heile 20,9 grader.

– Dette er høgaste temperatur som er målt i Norge i dag, seier meteorolog Fagerlid.

Vigra har hatt målinger sidan 1958. Rekorden frå 6. november 2003 på 19,0 grader står framleis. Høgaste temperatur i dag var 18,1 grader.

Kortvarig

Men den gode temperaturen varer berre eit par timar.

– Dessverre er det slik at denne varmen er ganske kortvarig. Fønvinden flyttar seg raskt nordover, dette vil vere som eit blaff.

I bakkant kjem kaldfront og nedbør i løpet av eit par timar, fortel meteorologen laurdag føremiddag.