Før julaftan er det meldt vestleg sterk kuling sør for Stad. Dette kan skape problem på enkelte fjellovergangar, seier meteorolog Trond Thorsteinsson.

På fylkesveg 50 Hol – Aurland er det måndag føremiddag kolonnekøyring på grunn av uvêr, og vegen over Vikafjellet er stengd på grunn av rasfare. Nord for Stad er det mindre vind.Sjå oppdatert varsel for fjellovergangane (Statens vegvesen)

På Nordvestlandet går det mot kaldare vêr.

– Julaftan ser det ut til å bli opphaldsvêr, oppklaring ut over dagen og periodar med sol. Og det blir litt kaldare juledagane, seier meteorolog Trond Thorsteinsson.

Heilt ute ved kysten, som til dømes i Ålesund, vil det veksle mellom plussgrader og minusgrader. Særleg på ytre strok kan det bli sludd- og snøbyger.

– Vi reknar med at temperaturen held seg kaldare eit par dagar. Dei stadene som har kvitt i augneblinken ligg an til å ha det kvitt også i jula, seier meteorologen.

Det betyr mulegheiter til å gå på ski. Både for Emblemsfjellet og Svartløken ser det ut til å bli fine forhold. Sjå: Skiguiden

– På Emblemsfjellet er det no rundt ein halv meter med snø, og veldig fine forhold. Så langt har vi preppa rundt 14 km løype, seier Mads Slinning Larsen i Emblem IL måndag føremiddag.

Vêret: Oppdatert vêrmelding (Yr.no)Sjå også: Skredvarsel (Varsom.no)