I dag blir det vått i store delar av landet. Delar av Sogn og Fjordane kan få opptil 40 millimeter regn det næraste døgnet. Oppdal i Sør-Trøndelag kan få enno meir. Også i Nordland kan det bli skikkeleg vått.

Sunnmøre går klar av det verste, her kan det kome opptil 15–20 millimeter i ytre strok.

Sona på Nordvestlandet som får mest regn er 30–50 kilometer innafor kysten. Lenger inne i landet blir det mest regn i fjellet.

– I indre strok blir det ganske greitt vêr også i dag, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga på Vestlandet.

Sesongens første

Lågtrykket i Atlanterhavet som treff landet onsdag er sesongens første, og slik sett er det eit forvarsel om regntid.

Men når meteorologen onsdsag morgon ser på prognosen framover, kan han ikkje sjå snurten av nye lågtrykk. Så inntil vidare er dette regnvêret unnataket.

Torsdag gir nedbøren seg, og det blir stigande skydekke og stigande temperatur.

Oppdatert vêrvarsel (yr.no)

– Allereie laurdag eller søndag er det over 20 grader igjen. Og sjølv om det ikkje blir heilt tørt, kan det kan bli opptil 25 grader i neste veke, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.