Skipperen har fått eit førelegg på 15.000 kroner for dumping, medan rederiet har fått eit førelegg på 50.000 kroner etter at Kystvakta si drone filma fisk som vart hivd over bord under torskefisket utanfor Røst i mars. Det er fleire opptak over to dagar, og kvar av opptaka viser 2-3 fiskar som kjem ut ei luke frå båten.

– Etter lova skal all fisk førast i land, og dermed skal det ogå etablerast ein praksis om bord der all fisk vert tatt vare på, seier avdelingsleiar Morten Jørgensen ved Kystvakta til FiskeribladetFiskaren.

Vil ikkje kommentere

Rederiet vil ikkje kommentere førelegget overfor Sunnmørsposten, men til FiskeribladetFiskaren seier styreleiar Ole Mindor Myklebust «at ein fisk vert dumpa skjer frå tid til anna». Kystvakta melde forholdet til politiet i Salten, som først ville legge vekk saka fordi dei meinte det var «mindre alvorlege forhold». Men statsadvokaten påla politiet å skrive ut førelegg.

Dermed er dette ei ny sak som viser at toleransegrensa for påtalemakta er svært låg når det gjeld fisk som vert hivd over bord av ulike grunnar. Dagleg leiar Ole Morten Sorthe i Møre og Romsdal Fiskarlag meiner det er noko som fiskarane må finne seg i.

– Det er eit absolutt forbod mot å hive fisk over bord, og det må fiskarane akseptere. Det er slik det har blitt, seier Sorthe.

Strengt

Samstundes meiner han at regelverket på nokre punkt er i strengaste laget.

– Regelverket må brukast med fornuft, og vere til å leve med for fiskarane. Og det er nokre nyansar som godt kan forandrast. Det gjeld til dømes situasjoner der handlingar ikkje er motivert ut frå eigen gevinst, slik det kan vere snakk om dersom ein ikkje-kvotelagt fisk vert kasta over bord.

Også garnbåten «Skjongholm» frå Sogn og Fjordane har fått førelegg for dumping under torskefisket sist vinter.