Regjeringa varslar ei auka satsing på Forsvaret i revidert budsjett. Sju milliardar ekstra – på toppen av opptrappinga i fjor haust, gjer at Norge oppfyller toprosentmålet allereie i år.

Den symbolske verdien at målet blir nådd akkurat innan «fristen» som vart sett under Nato-toppmøtet i Wales for ti år sidan, er det minst viktige her.

Det viktige er å få på plass ei reell styrking av budsjettet, slik at vi får eit forsvar som er i stand til å løyse oppgåvene sine både i det nasjonale forsvaret og i Nato.

Regjeringa varsla torsdag at det kjem sju friske milliardar til Forsvaret i revidert budsjett. To av desse milliardane skal gå til å styrke den operative aktiviteten, medan fem milliardar er lagt på bordet for å kome i gang med tiltaka i langtidsplanen for Forsvaret.

Regjeringa sitt framlegg til ny langtidsplan vart lagt fram for ein knapp månad sidan. Den inneber ei kraftig opptrapping i forsvarsutgiftene frå dagens dryge 100 millionar til 166 milliardar innan 2036.

Det vil i så fall vere ein auke på over 100 milliardar samanlikna med forsvarsbudsjettet i 2021.

På pressekonferansen om «lekkasjen» frå revidert budsjett torsdag presiserte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at denne siste ekstraløyvinga betyr at vi når det såkalla toprosentmålet allereie i år. Det vil seie at vi rekk akkurat den 10-årsfristen som vart sett på Nato-toppmøtet i Wales i 2014.

Der vart Nato-landa samde om å snu fallet i medlemslanda sine forsvarsutgifter, med sikte på å nærme seg å bruke tilsvarande to prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) på forsvar innan 2024.

Det er altså ikkje ein dag for tidleg vi kjem dit. Norge hoppar tvert imot om bord på dette toget akkurat i det dørene smekkar att, rett før toppmøtet i Washington i juli.

Norge brukte i fjor 1,8 prosent av BNP på Forsvaret. Det var akkurat på gjennomsnittet av kva dei europeiske Nato-landa og Canada brukte på forsvar dette året. Berre 11 av dei då 29 medlemslanda hadde passert toprosent-streken i fjor. Norge er altså ikkje åleine med å ha vore treige med å forstå alvoret.

Regjeringa skal ha ros for det krafttaket den no gjer.

Sjølv om vi med dette berre er tilbake på det nivået vi hadde på 90-talet målt mot BNP, er det snakk om ei historisk rask opptrapping.

Likevel bør både politikarane og vi som samfunn vere flaue over kor seint vi har vakna. Wales-erklæringa har berre nokre få avsnitt om det mykje omtala toprosentmålet, men ei kraftig åtvaring om trusselen frå Russland etter annekteringa av Krym og aggresjonen i Aust-Ukraina.

Det måtte ein fullskala krig til før vi forstod alvoret.