Kva skaper jordskred?

Vi er kjent med at nedbør skaper jordskred. Skred skjer over heile landet vårt. Skred gir ofte store øydeleggingar av hus, bygningar, infrastruktur og også tap av menneskeliv.

Vi har forsikringar som dekker opp det økonomiske. Veit vi noko om årsaka til utløyste skred? Vi veit også noko om ei viktig medverkande årsak. Sjølvsagt er vatnet ei sentral årsak. Utan vatten- ikkje skred og ikkje liv i jorda.

Liv i jorda; les: mikrobar er som lim. Mikrobar bind jordsmonnet slik at det motstår nedbør. Noko vatten får trenge gjennom jordsmonnet og søker seg ned i bakken og blir næring til røter.

Vår utfordring er at vi tar livet av vår viktige samarbeidspartnar som bind jorda. Jord er knytt til helse. Helsa til planter, dyr og menneske. Der er samanheng. Planter fôrar mikrobar med sukker som oppstår i fotosyntesar. Ifølgje EU er mellom 60 og 70 prosent av jorda vår utsliten og har dårleg helse.

Plantene som står i jorda vert påverka av jordsmonnet dei står i. Vi som et desse plantene utviklar også dårleg helse. Sunne planter står i sunn jord. Her er lange røter som bind jorda og reduserer fare for jordskred. Dersom vi ynskjer god helse må vi ete mat som er sunn. Sunn mat oppstår i sunn jord.

Det er med andre ord ikkje tilfeldig kva du et og kva jord som maten har vokse i. Sett på spissen kan eg sei at et du usunn mat så oppstår sjukdom lettare. Det heile kan bli «toppa» med jordskred. Her er også ein samanheng.

Denne informasjon er i hovudsak henta frå UIO sitt forskingsmagasin Apollon. Ditt lokale bibliotek har det eller skaffar det.