Resultatet etter skatt utgjorde i første kvartal 0,26 prosent av den gjennomsnittlege forvaltningskapitalen til bankane, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Den såkalla rentenettoen var 31,7 milliardar kroner, ein auke på 795 millionar kroner samanlikna med det første kvartalet i fjor.

Renteinntektene til bankane utgjorde 102,2 milliardar kroner, medan rentekostnadene var på 70,5 milliardar. Frå i fjor har renteinntektene og -kostnadene auka med høvesvis 39 og 65 prosent. Sjølv om den prosentvise auken er høgare for kostnadene enn inntektene, så held rentenettoen fram med å styrke seg – men kurva er ikkje like bratt som før.

Kredittapet til bankane på utlån var 2,1 milliardar kroner i første kvartal, ein auke på 1,8 milliardar kroner frå same kvartal i 2023. Trass i auken er utlånstapa reduserte med 361 millionar frå fjoråret og utgjorde 735 millionar i første kvartal i år.

(©NPK)