Om du har vore ute på reisefot, har du kanskje allereie sett reklame som ber deg om å setta deg sjølv i flymodus. Kampanjen er eit felles opprop frå ei rekke luftfartsaktørar og er retta mot såkalla uregjerlege passasjerar.

Bransjen opplever at stadig fleire tilfelle av upassande oppførsel mot tilsette både på bakken og i lufta. I fjor blei det meldt inn om lag 560 tilfelle. Året før var det 293 tilfelle.

– Uregjerlege passasjerar røyker og drikk i smug, dei slåst med kabintilsette, kjem med seksuelle tilnærmingar, og dei trakasserer tilsette og medpassasjerar. Nokre er så ruspåverka at dei ikkje kan handtera seg sjølve. Dei endar opp med å bli ein trugsel for alle, skriv Luftfartstilsynet.

Kan kosta

Dei innmelde tilfella med uregjerlege passasjerar omhandlar fleire typar hendingar. I Nokre tilfelle har passasjerar har gått til angrep på både andre reisande, men også besetninga i kabinen.

Til NPK seier flyoperativ inspektør David Opsahl Moldskred i Luftfartstilsynet at passasjerar som ikkje oppfører seg i tråd med lova, kan risikera bøter, eller fengselsstraff på inntil seks månader.

Er det eit riktig ille tilfelle, så kan personen få begge delar.

– I tillegg kan det, ved at flyet må mellomlanda, enda med erstatningskrav til selskapet. Dette kan fort kosta langt over 100.000 kroner. Slike hendingar kan oppstå ved ufin oppførsel som set besetninga, flypassasjerar eller flytryggleiken i fare, seier Moldskred.

Flymodus – ikkje berre på mobilen

Flybransjen ønsker å definera omgrepet flymodus, slik at det ikkje berre mobilen, men også folk.

– Me ønsker at ordet skal omfamna at også den reisande går inn i ein modus med respekt og mildskap mot tilsette og medpassasjerar. Det handlar om å dempa uønskt oppførsel og forsterka kjensla av gjensidig respekt og ansvar, seier Moldskred.

Han uttrykker at målet med kampanjen er å sikra ei triveleg reise for alle.

– Samla bransje

For å handtera og redusera møte med uregjerlege passasjerar, skal Luftfartstilsynet jobba systematisk på tvers av bransjen.

Dei tilsette i bransjen skal mellom anna læra å handtera konfliktar og oppheta situasjonar og handheva ein nulltoleranse-politikk.

Bransjen skal utvikla klarare reglar for å avgrensa alkoholinntak ved lufthamnene og i lufta. I tillegg blir det også jobba med kommunikasjon retta mot dei reisande i form av flymodus-kampanjen.

Moldskred fortel at trenden med uregjerlege passasjerar ikkje berre har eit oppsving i Noreg, men at luftfart verda over opplever det same.

– Problema er komplekse og løysingane utfordrande. Her treng me ein samla bransje for å jobba saman med å styrka og trygga arbeidskvardagen til dei som jobbar på bakken og i flya, men også å bidra til ei hyggelegare reise for passasjerane.

Også på ferja

I Sogn har tilsette på ferja blitt kalla for nazistar og fått skulda for både den fyrste og andre verdskrigen skriv Sogn Avis. Fosna-folket skriv at passasjerar truga med å oppsøka ferjebillettørar på Fosen på privaten.

Tidlegare i år introduserte dei to reiarlaga Fjord1 og Norled « ferjevettreglar », som skal føra til at ferjeturen blir ei positiv oppleving for både dei reisande og dei tilsette.

– Me vil auka kompetansen blant våre reisande slik at folk oppfører seg annleis mot våre tilsette, seier Rebecca Liset i Fjord1 til NRK.

Ferjevettreglane går mellom anna ut på å vera hyggeleg og visa respekt for både mannskap og passasjerar, vera ein ansvarleg bilførar og å følgja instruksar.

(©NPK)