– Slik vi no vurderer utsiktene, vil renta truleg haldast på dagens nivå ei god stund framover, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Samtidig skriv sentralbanken at informasjon banken har no, indikerer at det kan bli behov for å halde renta oppe noko lenger enn banken tidlegare såg for seg.

Usikre økonomiske utsikter

Noregs Bank understrekar at det er uvisse om dei økonomiske utsiktene.

Sidan førre rapport har prisveksten vore litt lågare enn anslått, men samtidig har den økonomiske aktiviteten vore litt høgare enn venta, og lønnsveksten kan sjå ut til å bli litt høgare enn anslått.

– Dersom vi får ei kraftigare oppbremsing i norsk økonomi eller det blir utsikter til at prisveksten kjem raskare ned til målet, kan renta bli sett ned tidlegare enn vi såg for oss i mars, står det vidare.

Ingen teikn til rentekutt i år

På pressekonferansen sentralbanksjefen heldt etter at renteavgjerda vart kjend, sa Wolden Bache at Noregs Bank ikkje har laga nye prognosar sidan sist rentemøte i mars.

– Men informasjonen vi har fått sidan førre rentemøte, kan tyde på at vi må halde renta på dagens nivå lenger enn vi såg for oss då, seier ho.

På spørsmål om sentralbanksjefen ser for seg å kutte renta i år, svarer ho ikkje konkret, men gjentek at Noregs Bank ikkje har nye prognosar.

– Renta blir høg lenge

Renteavgjerda er i tråd med det som var venta. Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank noterer seg at banken bruker formuleringa «renten er høy nok til å få ned inflasjonen».

– Dei signaliserer dermed at vi er på rentetoppen og tonar ned faren for eit nytt rentehopp, seier han.

Knudsen tolkar signala frå Noregs Bank fredag som at rentetoppen er nådd, men at det kan ta tid før renta blir kutta.

Analytikarane i Nordea er samde. Sjeføkonom Kjetil Olsen og seniorstrateg Dane Cekov i Nordea Markets meiner at dei fleste forhold tilseier at rentene held seg uendra lenger enn venta, med svakare krone og høgare kurs i utlandet.

Kjipt for unge på bustadjakt

Norges Eiendomsmeglerforbund påpeikar at ei rente i ro betyr lågare bustadproduksjon som vil utløyse prispress i både bustadmarknaden og leigemarknaden.

– Analysane våre viser raskt aukande forskjellar mellom dei mange unge som får hjelp av foreldre til å kjøpe sin første bustad, og dei som sit fast i ein dyr leigemarknad utan hjelp til å skrape saman den eigenkapitalen som krevst, seier direktøren i forbundet, Carl O. Geving.

Vidare seier at han husleige er ein viktig komponent i konsumprisindeksen, og at høge leigeprisar derfor bidreg til å halde prisveksten høg.