Målinga er gjennomført av InFact. Feilmarginen er på 0,7 – 2,7 prosentpoeng. Partileiar Sylvi Listhaug gler seg over den kraftige oppgangen til Frp.

– Det er hyggelege tal som viser at stadig fleire vil ha Frps løysingar som gir folk meir fridom og tryggleik, seier ho.

Ap får 20 prosent, ein oppgang på 1,6, altså godt innanfor feilmarginen. Høgre fell 1,9 til 23,5 prosent, også det innanfor marginen.

– Frp gjer det sterkare her enn i andre målingar, og det kan hende dei er målte litt for høgt, seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen til Nettavisen.

– Det er interessant at Høgre, Ap og Frp er omtrent jamstore på målinga. Det tyder på aukande fragmentering. Tala viser eit borgarleg fleirtal, seier han.

For dei andre partia ser målinga slik ut (endring frå marsmålinga i parentes): Sp 6,1 (+0,7), Raudt 5,1 (-0,6), SV 8,9 (-1,3), MDG 4,4 (+0,9), KrF 4,4 (-0,2), V 4,4 (-1,3), INP 2,6 (-0,8) og andre 2,0 (-0,6).

(©NPK)