Volda og Ørsta Bordtennisklubb sitt lag i klassa for menn er klare for finalen i eliteserien sitt sluttspel.Det vart klart onsdag kveld då sunnmørslaget vann prestisjeoppgjeret mot nabo Molde Bordtennisklubb i romsdalshovudstaden. Kampen enda 5–1 i favør av Volda og Ørsta BTK.

Solide

– Dette var grei skuring frå vår side. Alle spelarane var solide. Rett nok tapte 14-årige Sigurd Tjalveson Sørheim sin kamp mot Petter Fleischer, men eg synest Sigurd imponerte mot eit høgare ranka spelar. Sigurd låg til dømes berre under med 7–8 i 3. sett, på stillinga 2–1 i sett. Han løyste oppgåva si slik han skulle, seier lagleiar Tor Hallaråker i Volda og Ørsta Bordtennisklubb etter semifinalen i Skyttarhallen i Molde Idrettspark.

Kampane

Slik enda kampane med Molde sine spelarar nemdt fyrst:Magnus Pohjalainen – Viktor Brodd 1-3, Petter Fleischer – Sigurd Tjalveson Sørheim 3-1, Benjamin Fossheim – Fredrik Meringdal 0-3, Maciej Pietkiewicz – Anthony Tran 1-3, Pietkiewicz – Brodd 0–3. Det var dei fem singlekampane.

I den einaste doublekampen vann dei to svenskane på Volda og Ørsta; Viktor Brodd og Anthony Tran 3–0 i sett mot polakken Pietkiewicz og svensken Pohjalainen. Den polske spelaren er av dei beste i den norske eliteserien og er spelande trenar i Molde Bordtennisklubb som har fleire spennande unggutar.

Finale 31. mars

Nå ventar som Laksevåg i finalen for Volda og Ørsta. Finalen vert spelt i Bergen torsdag 31. mars. Laksevåg vann i går sin semifinale mot Eiker BTK med same siffer som Volda og Ørsta mot Molde; altså 5–1.Medan Volda og Ørsta har to svenske toppspelarar har Laksevåg tre; Hampus Søderlund, Hampus Nordberg og Tobias Bergmann.

Volda og Ørsta vann i fjor

I fjor tok Volda og Ørsta sigeren i sluttspelfinalen, medan dei ikkje stilte lag i eliteserien i 2014. I 2013 vart det andreplass til voldingane, og Laksevåg har alltid vore finalemotstandar. Bergenslaget vert knipen favoritt 31. mars.Noregseliten skal samlast i Molde allereie komande helg. Då arrangerast NM for seniorar i Træffhuset.