Last ned resultatlista frå X2 Festivalen laurdag

I Hellesylt gjorde spente XAir, XBase og speedflygarar seg klare til å hoppe og konkurrere. I wingsuits, fallskjermar og med vengjer skulle dei kaste seg utanfor fjell og helikopter langt utover ettermiddag. Førsteplassen i XBase gjekk til Andreas Kaino.

Sjå bildeserie over

På same tid gjekk startskuddet for XCreek nede i dalen, der deltakarane kickstartar årets padlesesong i Bygdeelva. Hellesylt var altså staden for dei som ønskte fartsfylt action og høg puls – både i lufta og på vatn. Kamilla Sporsheim og Oddbjørn Flaa tok førsteplass i kvar sine klasser.

På Bondalseidet skisenter i Ørsta, var det frikøyrarkonkurranse, XFree. Mary Birkeland og Ville Aarset tok førsteplass i XFree Alpint. I XFree Snowboard gjekk Eirin Myklebust og Ole André Skotte til topps.

I tillegg var det randonee-konkurransen XTind – sporten som heile festivalen starta med for elleve år sidan. Håvard Myklebust tok ein klar førsteplass, medan Cato Ryste fekk andreplassen. Henrik Waagan Skarbø kom på tredjeplass.

På Ørsta Skisenter var det også triksekonkurranse for brett- og skikøyrarar: XStyle. Og på Flø var det surfekonkurransen XWave. Vinnar av både beste triks og beste bølgje gjekk til Blake Sands.